NRK Meny
Normal

USA: Facebook ikkje oppseiingsgrunn

Amerikanske myndigheiter har anklaga eit firma for ulovleg oppseiing etter at ein tilsett mista jobben på grunn av kritiske ytringar om leiaren sin på Facebook.

Facebook screenshot

Amerikansk organ som handhever lovgiving om arbeidstilhøve går langt i å seie at tilsette ikkje kan bli sparka på grunn av ytringar om arbeidsgiver på sosiale medium.

Foto: Spencer E. Holtaway/CC

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I ei banebrytande sak om arbeidarar og sosiale medium, har det amerikanske organet National Labour Relations Board gått langt i å seie at det amerikanske tilsette ytrar seg om jobben sin på Facebook er beskytta aktivitet, og at firma som seier opp tilsette på slikt grunnlag kan bryte lova, melder The New York Times.

National Labour Relations Board er eit organ som handhever føderal lovgiving om arbeidstilhøve på kollektivt nivå, og vi har ingen parallell til dette organet i Noreg. Sjå faktaboks.

I førre veke sende organet inn ein klage på ei ambulanseteneste, American Medical Response of Conneticut, som hadde sagt opp ein medisinsk teknikar blant anna for å ha brote arbeidsgivars forbod mot å skildre firmaet på sosiale medium.

Annan situasjon i Noreg

I Noreg blir dette vurdert annleis enn i USA, der den grunnleggjande rettssituasjonen er ein heilt annan.

Der er utgangpunktet at det ikkje gjeld eit vern mot usakleg oppseiing, slik som hos oss.

Det er berre viss oppseiinga kan sjåast som ein "unfair labor practice" at National Labour Relations Board kan gripe inn.

–Dersom ein norsk tilsett ytrar seg om negativt eller illojalt om arbeidsgivar i sosiale medium så vil det kunne gi grunnlag for oppseiing, seier professor i arbeidsrett Stein Evju ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Facebook ikkje privat sfære

Evju meiner at sosiale medium openbart ikkje kan betraktast som privat sfære. Dette er medium som ei ukjend mengde menneske kan gå inn på, og ein må rekne med at dette kan distribuerast vidare.


–Det er ingen skilnad på kva ein måtte seie i det offentlege rom, i eit lesarinnlegg i avisa, eller det ein måtte seie på slike sosiale medium, seier Evju.

I Noreg er det enno ikkje kjent saker der tilsette har mista jobben på grunn av negative ytringar om arbeidsgivar på Facebook.

Vi skal likevel ikkje lenger enn til Danmark for å finne døme på slik oppseiing.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kor mykje som skal til av offentleg kritikk før ein mister jobben, er eit anna spørsmål.

Evju meiner at ein må kunne krevje ein del før ein går til det skritt å seie opp ein tilsett.

–Varsling skal skje internt

Evju minner om at varsling om tilhøve på arbeidsplassen skal gjerast forsvarleg. Det skal skje internt, til dei som vil kunne gripe inn.

I følgje arbeidsmiljølova skal verksemder ha utarbeida rutinar for intern varsling, og arbeidstakar skal varsle i samsvar med desse.

Dersom du vil seie frå om at sjefen din er ein idiot, bør du altså kanskje la vere med å gjere dette form av ei ytring på Facebook.

I alle fall dersom du er interessert i å halde på jobben.