NRK Meny
Normal

Faretruande tynne eggeskal for ismåken

Miljøgifter har gitt ismåken så skjøre egg at det truar bestanden. – Dette er svært urovekkjande, seier ein av forskarane bak studien.

Ismåke

Høge nivå av miljøgifter har ført til tynnare eggeskal hos den arktiske ismåken.

Foto: Cecilie Miljeteig/ Norsk Polarinstitutt

Ismåken er ein sjeldan arktisk sjøfugl som held til i isfylte farvatn heile året. Det finst ikkje meir enn 11500 hekkande par av arten på verdsbasis, og den raudlista arten har gått dramatisk tilbake i deler av leveområda sine dei siste 20 åra.

No har norske og russiske forskarar funne at ismåkens egg har heile 17 prosent tynnare skal enn egg som har vore lagra sidan før 1930. Dette skriv NTNUs forskingsmagasin Gemini i desemberutgåva.

Studien er publisert i tidskriftet Science of the total environment.

Ismåkestudiane er utført av Norsk Polarinstitutt i samarbeid med NTNU og russiske institusjonar.

– Svært urovekkjande

Cecilie Miljeteig

Cecilie Miljeteig på feltarbeid.

Foto: Audun Igesund /Norsk Polarinstitutt

– Dette er svært urovekkjande, seier Cecilie Miljeteig som er stipendiat ved Institutt for biologi ved NTNU.

– Forureining er ikkje den einaste trusselen mot denne arten. Han er også avhengig av isen, og dermed er global oppvarming også ein trussel, seier ho.

Forskarane undersøkte ismåkeegg frå både Svalbard og Nordvest-Russland.

Dei same forskarane har tidlegare vist at ismåkens egg har den høgste registrerte konsentrasjonen av miljøgiftene PCB og DDT av alle arktiske sjøfuglar.

Studien viser at tynnare eggeskal heng saman med forhøgja nivå av miljøgifter i egga.

Ismåke i lufta

Ismåke på vengjene.

Foto: Cecilie Miljeteig/ Norsk Polarinstitutt

80 prosent nedgang

– Tjukkleiken på eggeskala er ein indikator for tilstanden til arten, fortel Miljeteig til NRK.no.

– Det er ikkje nødvendigvis det at egga blir knust som er problemet, men at arten får dårlegare overleving, seier ho.

Målingar på rovfuglar har vist at ved ei viss nedgang i tjukkleiken på eggeskala går bestanden ned.

Sidan arten hekker på svært utilgjengelege stader i Arktis, finst det liten informasjon om kor stor bestanden har vore tidlegare. Dei siste åra har forskarane tatt i bruk fly for å telje bestanden.

Sidan forskarane ikkje har tidsseriar frå Noreg, må dei sjå til andre land der det finst tal for bestanden lenger tilbake. Frykten er at bestanden hos oss skal oppleve same nedgang som Canada der arten har hatt ein 80 prosent nedgang på 30 år.

Koloni av ismåkar

Koloni av ismåkar på ein fjelltopp (nunatak) på Barentsøya.

Foto: Hallvard Strøm,/Norsk Polarinstitutt

– Overraska over høge nivå

Både DDT og PCB vart forbode verda over i 2001 gjennom Stockholmkonvensjonen.

Likevel skapar giftstoffa framleis problem for arktiske artar som ismåke, mange år etter at dei vart forbode.

Vind og havstraumar fører miljøgiftene nordover mot Arktis der dei blir verande fordi miljøgiftene på grunn av sin kjemiske samansetning ikkje blir brote ned naturleg.

Ismåken er nær toppen av næringskjeda, noko som gjer at han samlar opp høge verdiar av miljøgifter som har blitt oppkonsentrert gjennom maten han et.

– Konsentrasjonen vil gå ned, men det tar veldig lang tid. Arktis fungerer som ein fryseboks som bevarer miljøgiftene slik dei er, fortel Miljeteig.

– Men vi er overraska over at nivået av miljøgifter i ismåke er så høgt framleis, seier ho.

Sjå forskaranes eigne bilete frå feltarbeidet her.