Hopp til innhold

Tsjernobyl-ulykka kan lesast av i årringar

Nye studiar viser at dyr og plantar enno slit med følgjene av den radioaktive strålinga etter Tsjernobyl-ulykka.

Tre frå Tsjernobyl

Fargeendinga i treet hos desse furutrea fell saman med årstalet for ulykka.

Foto: Tim Mousseau

Snart tre tiår etter atomulykka ser ein effektar som augesjukdommar og svulstar hos fuglar, og abnormal vekst hos tre i Tsjernobyl.

Det viser studiar som er gjort innanfor sperreområdet omkring kjernekraftverket som eksploderte i 1986.

Grå stær hos fuglar i Tsjernobyl

Eit utval bilete som viser fuglar frå Tsjernobyl med augesjukdommen grå stær.

Foto: Tim Mousseau, Anders Pape Møller/ PlosOne, CC

Grå stær

Forskarane Tim Mosseau ved University of California og Andreas Pape Møller frå Université Paris-Sud har saman med kollegaer nyleg publisert tre studiar som viser effektane av stråling på tre og fuglar.

I ein av studiane dokumenterer dei funn av albinofjørdrakt og svulstar hos fuglar. I ein annan studie, publisert i PlosOne, rapporterer dei funn av augesjukdommen katarakt (grå stær) hos fuglar, noko som mest sannsynleg påverkar overlevingsevna deira.

Den radioaktive strålinga har også gitt negative effektar på veksten til trea i området, fleire tiår etter ulykka. Spesielt råka vart unge tre.

Ved studiar av årringane, som er dei årlege tilvekstane hos trea, finn forskarane at tilveksten etter 1986 er mindre enn før dette årstalet.

Timothy Mousseau og Anders Møller i Tsjernobyl

Forskarane Timothy Mousseau og Anders Pape Møller framfor restane etter kjernekraftverket i Tsjernobyl.

Foto: Tim Mousseau

Verkar saman med miljøfaktorar

Mens dei største effektane på trea vart observert dei første åra etter ulykka, vart overlevande tre i ettertid også ekstra sårbare for stress frå miljøet, som varme og tørke.

Funna tyder på at strålinga verkar saman med andre miljøfaktorar og påverkar veksten deira på komplekse måtar, ifølgje forskarane.

Strålinga har også gitt genetiske endringar hos trea.

– Mange av trea viser teikn på svært abnormal vekst, noko som skuldast mutasjonar og celledød etter eksponering for stråling, seier Tim Mousseau til BBC News.

Mosseau har sidan 1999 vore involvert i feltstudiar innanfor den 30- kilometer i radius vide sperresonen rundt ulykkesstaden i Tsjernobyl.

Saman med kollegaer har han denne gongen undersøkt 100 furutre (Pinus sylvestris) frå 12 ulike stader innanfor sonen.

Tsjernobylstorkar på vegen

Dyrelivet blomstrar i mennesketomme Tsjernobyl, men dyra merkar også effektar av stråling. Biletet viser ei gruppe Tsjernobyl-storkar.

Foto: Tim Mousseau

Fukushima

Studiar av effektane etter Tsjernobyl kan også gi ein peikepinn på kva langtidseffektar dyre- og planteliv i Japan kan få etter Fukushima-ulykka i 2011.

Men det er behov for meir forsking, meiner artikkelforfattarane.

I ein artikkel i tidsskriftet Journal of Health and Pollution skriv Mousseau og Møller at forskarane i etterkant av Tsjernobyl har gått glipp av mange sjansar til å studere etter-effektane av stråling på organismar.

No fryktar dei at historia vil gjenta seg i Fukushima, av mangel på økonomisk støtte til uavhengige forskarar.