Hopp til innhold

Trur på 3000 vindmøller

Vindbransjen ser lyst på at marknadskrefter snart overtar for Enova.

Vindturbiner
Foto: Kjetil Malkenes Hovland / NRK

Hør Verdt å vite Spesial om vindkraft.

Olav Rommetveit

TRUR PÅ VEKST: - Eg trur at innan 2020-2025 så har vi 2-3000 vindmøller i Norge, seier vindkraftutbyggar Olav Rommetveit frå Kvalheim kraft.

Foto: Kjetil Malkenes Hovland / NRK

- Eg trur at innan 2020-2025 så har vi 2-3000 vindmøller i Norge, seier vindkraftutbyggar Olav Rommetveit.

I dag er det rundt 200 vindturbinar her i landet, og det blir knapt sett opp nye.

P2s Verdt å vite er med til Mehuken, ein fjelltopp like nordvest for Måløy sentrum i Sogn og Fjordane. Her set Kvalheim kraft opp åtte nye vindmøller i sommar, og i ryggen har dei inntil 93 millionar kroner i støtte frå statsforetaket Enova.

- Fungerer for oss

- Vi er veldig takknemlege for at Mehuken 2 kan realiserast med Enova-støtte. Det har fungert for oss, men det fungerer ikkje for alle, seier Rommetveit. - Det er begrensa kor mange vindparkar Enova har hatt middel til å finansiere.

Men no blir det betre tider, for frå 2012 kjem det ei ny støtteordning der straumkundane må finansiere fornybar energi.

- På land trur eg Norge vil bli ein stor aktør på vindkraft, seier generalsekretær Øyvind Isachsen i Norsk Vindkraftforening (Norwea).

- Når då?

- I 2013 til 2015. Då begynner det. Det er dei såkalla grøne sertifikata som vil drive dette. Vi har ikkje fått dette til sjølv med statlege støtteordningar. No blir det eit marknadssystem, og dei som vinn på det er forbrukarane. Jo meir straum som kjem inn i marknaden, jo lågare blir prisen. Det vil staten tape på, men that's life, seier Isachsen.

Når ikkje målet

Vindturbin

UTVIDING: Dei fem vindmøllene på Mehuken i Måløy får selskap av åtte nye turbinar i løpet av sommaren, ved hjelp av 93 millionar kroner i statsstøtte. Vindbransjen håper at nye støtteordningar vil gi tusenvis av nye vindmøller det neste tiåret.

Foto: Kjetil Malkenes Hovland / NRK

Regjeringa og Stortinget har hatt som mål å produsere 3 TWh vindkraft årleg innan 2010. Det målet har dei innrømt at dei ikkje klarer å nå. Riksrevisjonen kritiserte nyleg Enova fordi dei ikkje når måla sine, men Enova har skulda på vanskelege tider og høge kostnader i vindbransjen. Vindkraft er ikkje spesielt lønsamt i eit land som flyter over av billeg vasskraft.

Men det er fleire grunnar til at vi bygger ut fornybar energi. Ein ting er at rein energi kan erstatte skitnare alternativ som kolkraft. Ein annan ting er at Europa i dag er veldig avhengig av russisk gass, og verdsdelen kjem til å mangle energi i framtida. Difor har EU forplikta medlemmane sine, inkludert Norge, til å bygge ut meir rein energi.

- Norge har ambisjonar om å bygge ut meir ny, fornybar energi. Ein skal oppgradere og utvide eksisterande vasskraftverk og bygge ut småkraft. Men det er ikkje nok. Difor har vindkraft heilt klart ei rolle å spele i det å få meir fornybar energi i Norge og også å tilfredsstille våre krav i fornybardirektivet, som er Europa sin klimadugnad fram mot 2020, seier Olav Rommetveit i Kvalheim kraft.

Fryktar for konkurranseevna

Det å vente med å bygge ut vindkraft til energi blir mangelvare og kraftprisen aukar, det kan skape problem for europeisk industri og konkurransekraft, meiner han. Han meiner vi må tole å subsidiere vindkrafta ein periode.

- Det er et politisk val ein gjer. Ein kan vente til kraftprisane blir så høge at vindkrafta blir lønsam. Men då har Europa utkonkurrert seg sjølv når det gjeld energi og kraftprisar. Då vil ikkje kraftkrevande industri i Europa vere konkurransedyktig mot asiatisk kraftkrevande industri, seier Rommetveit.

Alt i alt er nordmenn rimeleg nøgde med vindkrafta. 11 prosent har eit negativt inntrykk, og 69 prosent eit positivt inntrykk av vindkrafta, viste TNS Gallup sitt Klimabarometer i 2009. Mest positive er folk frå kommunar der det allereie er vindkraft.

Kjemper mot vindmøller

Det er likevel mykje motstand mot vindmøllene langs kysten.

- Det har oppstått ein del motstandsgrupper mot vindkraft. Det er først og fremst det visuelle. Dei ynskjer ikkje å sjå vindmøller der dei bur eller ferierer. Det er forståeleg at ikkje alle vil ha vindmøller i sine nærmiljø. Men dei må òg respektere detviss styresmaktene seier at dette relativt sett er eit område med lite konflikt, og akseptere vindkraft der det er konklusjonen, seier Rommetveit.

Vindkraftforeninga syns òg at motstanden mot vindkrafta er eit problem.

- Viss ein syns vindkraft er stygt må ein tenkje kva ein vil ha i staden. Vil ein ha eit atomkraftverk, vil ein demme opp elvar, vil ein ha meir kol- eller gasskraft? Det er eit val kva ein vil sjå på. Toler ein ikkje å sjå det, ja då er det eit problem, seier Øyvind Isachsen.

Støttar vindkrafta

Miljøvernarane i Natur og Ungdom har òg bestemt seg for at vindmøller er betre enn alternativa, trass i at det medfører naturinngrep.

- Ein må veie opp naturinngrepa mot klimagevinsten ved fornybar energi. Nokre prosjekt bør ikkje sjå dagens lys på grunn av for store naturinngrep, men det finst òg gode prosjekt som bør utbyggast, seier Silje Lundberg i Natur og Ungdom.