Er du like tøff som deltakarane i Norges tøffeste?

Funkygine køyrer deltakarane i Norges tøffeste hardt. Men klarar du Jørgine sin bootcamp? Prøv den her!

Funkygines bootcamp

Funkygines bootcamp

Ti veltrente utøvarar blir sette på ulike prøvar for å kåre ein vinnar i programmet Norges tøffeste. Blant det dei må gjennom er ei bootcampøkt med programleiar og treningsguru Jørgine Vasstrand.

Her får du sjansen til å prøve kor tøff du er samanlikna med deltakarane. Ha gjerne ei bøtte lett tilgjengeleg. 😆🤮

Bootcamp2

– Ikkje noko komfortøkt

Nokre råd frå Funkygine kan vere greitt å ta med.

– Å gå ut for hardt vil nok ikkje lønne seg, men dette er inga komfortøkt. Det skal gjere litt vondt, frå start til slutt. Bit tenna saman, hent fram urkreftene og køyr på med ein jamn flyt og det høgaste tempoet du trur du klarer å halde over tid.

I Norges tøffeste hadde gutane 15 kilo tunge manualar og jentene 10 kilo, men det kan du tilpasse styrken din. Du treng òg ei kasse eller noko å hoppe opp på.

– Om du ikkje har vekter og kasse er det fullt mogleg å gjennomføre økta med vassflasker og ein stødig stol eller benk.

Jørgine
Foto: Michael Schult Ulriksen / NRK

Talet på repetisjonar er heile tida 50, men du kan òg justere det etter eige uthald og styrkje.

– Klarer du å gjennomføre på under ein time, så er det kjempebra.

Før du startar. Du skal ta fem burpees som dei her mellom kvar øving. Kvar einaste.

KLAR – FERDIG – GÅ!

kultur1

50 knebøy med manualar.

Hugs fem burpees før du går vidare.

kultur2

Utfall bakover med vekt. 25 på kvar fot

Det er for seint å snu. No må du berre køyre på. Og hugs burpees.

kultur3

Kassehopp. Det var 50, ja.

Du er i gang. Bra jobba!

kultur4

Einarmsløft med manual. 25 på kvar arm.

Byrjar å kjennast.

kultur5

Push-ups. Du får ta tida til hjelp. 50 stk.

Kor tøff kjenner du deg no? Du har vel ikkje gløymt burpees.

kultur6

Press med manualar. Framleis 50.

Håpar du ikkje angrar.

kultur7

Ståande roing med manualar. Same tal.

Ikkje gløym det du veit.

kultur8

Planke med skuldertouch. 25 på kvar skulder.

Hugs 5 burpees før du går vidare.

kultur9

Sommarfugl sit-ups. Fly like a butterfly!

Du slepp ikkje unna burpees no heller.

kultur10

50 burpees.

Siste øving. Dette går bra!

Kjennest kroppen lett og fin? Om du har gjort øvingane med full intensitet og for full musikk, kan du med godt samvit ta deg ein strekk på sofaen.

Viss du då ikkje, som deltakarane i Norges tøffeste, vil gå rett ut i neste økt.