NRK Meny
Normal

Tre kan avsløre gullførekomstar

Blada på eukalyptustre kan røpe om det finst gull i bakken, ifølgje australske forskarar.

Gull i eukalyptusblad

Analysar viser at eukalyptusblad kan innehalde ørsmå gullpartiklar.

Foto: CSIRO

Australske forskarar har dokumentert at eukalyptustre kan transportere gullpartiklar frå mange titals meter under bakken og opp i bladkrona, skriv BBC.

Oppdaginga kan bety ein ny måte å lokalisere gullførekomstar på, trur forskarane.

– Blada kan bli brukt i kombinasjon med andre verktøy som ein meir kostnadseffektiv og miljøvenleg utforskingsteknikk, seier geokjemikar Mel Lintern i Australias Commonwealth Scientific and Industrial Research Organisation (CSIRO) som står bak studien.

Behov for nye metodar

Gull i eukalyptustre

Eukalyptustrea verkar som ei hydraulisk pumpe som trekkjer opp vatn som inneheld gull frå berggrunnen. Sidan gullet sannsynlegvis er giftig for planten, blir det flytta til blada og greinene, der gullet kan bli frigitt eller falle til bakken.

Foto: YouTube/CSIRO

Bakgrunnen for at forskarane leiter etter gull i trekronene, er at funn av nye gullførekomstar har falt med 45 prosent dei siste åra. Det er eit stort behov for nye metodar, skriv forskarane i Nature Communications.

Funn av gull i tre har vore kjent tidlegare, men forskarane har ikkje vore sikre på om det var snakk om støv som var avsett frå lufta, eller om gullet var komme frå grunnen under treet.

I ein ny studie har forskarane ved CSIRO studert eukalyptustre som veks i over gullførekomsten Freddo Au i Vest-Australia som enno ikkje er bygd ut.

Analysar med hjelp av den australske synkotronen viser at gullet finst inne i bladet, og ikkje på overflata som støv.

Mengda av gull i eukalyptusblada er svært liten. Forskarane har berekna at det trengst 500 tre over ein gullførekomst for å ha nok gull til ein ring.

– Vi har berre skrapa overflata med denne forskinga. Vi har funne at nokre tre tar opp gull, mens andre ikkje gjer det. For å utvikle dette til ein robust leiteteknikk må vi forske meir på kva som skjer, seier Lintern.

Sjå video der Lintern forklarer funnet:

– Vil ikkje få tyding i Noreg

Forskar Ola M. Sæther ved Norges Geologisk Undersøkelser, NGU, synest det australske funnet er interessant, men trur ikkje det vil få noko betydning i Noreg.

– I aride strøk ligg grunnvatnet langt nede i grunnen, og røtene til eukalyptustreet må gå djupt. Det er ikkje tilfelle i Noreg, fortel Sæther.

– Vi har allereie ganske god oversikt over gull, eller mangel på gull, i Noreg, seier han.

Det næraste vi kjem gull i trekronene i Noreg, ser altså ut til å vere lauvtreas gylne haustfargar.