Hopp til innhold

Ti dyriske sjekketriks

Slit du med å finne den rette? Er du open for sjekking på naturens premissar? Da er dette lista for deg.

Frank Lyngtun og Maren Ringnes Rogstad

Frank viser Maren kva kroppen hans har å by på i Når kjemien stemmer.

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

1. Ikkje dusj før du går på byen

Kroppslukta vår er utvikla for å sende signal til det motsette kjønn om at her er eg, og eg er klar for sex. Dusj kvelden før eller seinast same morgon.

2. Slutt på p-pilla

Dersom du er kvinne og skal velje deg partnar for livet bør du slutte på p-pilla. Hormonpreparat som p-pilla, fører til at du hormonelt ikkje er deg sjølv, og at du derfor vel ein annan mann enn det du eigentleg vil ha.

Maren Ringnes Rogstad og løve

Maren Ringnes Rogstad måtte fjerne p-staven før ho skulle delta i Når kjemien stemmer, slik at luktesansen hennar ikkje vart påverka av hormonpreparatet.

Foto: Martin Johan Eggan / NRK

3. Gjør til stemma - hvis du treng

Kvinner føretrekkjer mørke stemmer, det er teikn på mykje testosteron, som igjen er teikn på sterke genar. Menn derimot føretrekkjer lyse stemmer, da det er teikn på at man er ung, og dermed framleis fruktbar.

4. Sjekk opp ei litt finare dame

Eller for kvinner, gå for ein litt styggare mann. Forhold der begge to er innanfor same område på utseendeskalaen held lengst. Imidlertid held dei forholda der kvinna er litt vakrare enn mannen aller lengst, viser statistikk.

5. Dra på ein adrenalinrik date

Eit adrenalinkick er med på å forsterke inntrykket av den første man møter etter kicket. Difor kan ein adrenalinfylt date virke til din fordel. Du må berre håpe på at inntrykket i utgangspunktet er positivt, og sørge for at personen møter deg først av alle etter adrenalinkicket.

6. Kjøp deg ein flott bil

Ei amerikansk undersøking viste at dei mennene som køyrde rundt i flotte, dyre bilar, blei rata som meir attraktive enn dei eigentleg var.

7. Prat om personlege tema og sjå kvarandre djupt inn i auga

I eit eksperiment gjort på 70-talet i USA, blei tilfeldige par gitt ti veldig personlege tema å prate om, samtidig som dei skulle sjå kvarandre djupt inn i auga i to minutt. Dette skapte ein forelska kjensle hjå deltakarane, og det første paret som deltok på eksperimentet er framleis gift i dag.

Robert Normann Vikestad og Maren Ringnes Rogstad

Robert ser Maren djupt inn i auga på det han tror er ein speed-date, men som viser seg å vere ein analyse av kroppsspråket deira.

Foto: Leif Arild Eriksen / NRK

8. Dra på sjekkern når du har eggløysing

Kvinner er meir attraktive i perioden dei har eggløysing i forhold til resten av månaden. Ei undersøking blant stripparar viser at dei fekk over dobbelt så mykje i tips dei dagane dei hadde eggløysing.

9. Finn ut kor i syklusen dama er

Ei kvinne føretrekkjer heilt forskjellige menn, og dermed heilt forskjellig oppførsel, alt etter kor ho er i syklusen. Under eggløysing vil ho ha ein typisk badboy. Resten av månaden føretrekkjer ho ein omsorgsfull og oppvartande gentleman.

10. Og når du har fått nokon på kroken: Ha masse sex!

Mennesket er ein av veldig få artar som brukar sex som parbinding, og det utløyser ein heil cocktail av gode stoff i hjerne og kropp, som både gir oss ein rus, og som knyter oss nærmare kvarandre. Blant dyreartar der ein har masse sex er det tilsvarande lite konfliktar. Regelmessig sex har også følgjande gode bieffektar: minkar depresjon hjå kvinner, hyppige orgasmar reduserer sjansen for tidleg død hjå menn med 50%, dempar høgt blodtrykk, mindre hjarte og karsjukdommar.

  • Sjå fjerde episode av Når kjemien stemmer her.
Fjerde episode av Når kjemien stemmer, om kroppsspråk.