Hopp til innhold

Isbrytande oljeplattformar kan bli framtida i Arktis

Oljeindustrien førebur seg for oljeboring i Arktis. Nye plattformer og nye metodar for å ta opp oljesøl må på plass.

Video deab0662-9e9a-464c-8d84-838f832208a9.JPG

– Det ligg enormt olje og gass potensial i det arktiske området, så alle reknar med at det vil bli olje og gassverksemd i nord, seier Henrik Hannus i Aker Solutions til NRK Schrödingers katt. Hannus er leiar for djupt vatn og Arktis i Aker Solutions.

Anslag seier at så mykje som ein fjerdedel av all uoppdaga olje og gass som er att i verda kan vere i Arktis.

Medan miljøvernorganisasjonar som til dømes Greenpeace vil verne dei islagde områda i verdas nordområde for oljeboring, er oljeindustrien ivrig etter å komme til.

Men for å nå ressursane kan ein måtte gå gjennom isen.

Må tole enorme krefter

Shells oljeplattform Kulluk

Shells plattform Kulluk er bygd for oljeleiting i islagt hav. Denne plattforma er avhenig av isbrytarar. Her ved havna i Seattle.

Foto: Photographic Services, Shell International Ltd.

Med støtte frå Statoil, Chevron og Shell jobbar Aker Solutions med å utvikle det som skal bli ein flytande, isbrytande oljeplattform.

Den Shell-eigde leiteboreplattforma Kulluk operer allereie i dag i islagt hav, men han er avhengig av isbrytande skip då han ikkje har forankringssystem som er sterkt nok til å tole kreftene frå havisen.

Aker Solutions plattform er forma som ei bøye som skal flyte på isen, samtidig som han er forankra til botnen.

Han må tole støyten av enorme krefter frå drivande havis som vil knekke mot skroget.

Aker Solutions har testa ut sin plattformmodell i eit isbasseng, og der klarar han seg bra.

No ønskjer selskapet å setje ut ein 70 meter høg prototype i ein fjord på Svalbard for å sjå korleis plattforma vil klare seg i ekte is. Men dette manglar dei førebels finansiering til å gjennomføre.

– Plattforma er aktuelt for bruk i det russiske Karahavet, Alaska eller Beauforthavet i Kanada der det er sjøis store delar av året, fortel Hannus.

For Noreg er det førebels sett ei grense ved 74,5 grader nordleg breidde for oljeaktivitet. Men om grensa blir flytta nordover kan konseptet også vere aktuelt for norsk sektor.

Testmodell av isbrytande oljeplattform

Ein modell av den isbrytande oljeplattforma under test i isbasseng.

Foto: Aker Solutions

Isfjell er ein trussel

Sjølv ein plattform som er bygd for å tole sjøis, vil ha problem i møte med eit isfjell.

– Viss det kjem eit isfjell må ein kople frå. I ein oppankra plattform kan ein ikkje gjere systemet sterkt nok til å tåle isfjell. Ein plattform som produserer må då stenge brønnane, og så må ein kople frå stigerøyra og forankringa, seier Hannus.

Den største trusselen er at plattforma blir skadd av isen, enten at forankringa ryk eller at isen rett og slett lagar hol på plattforma. Dette må ein sikre seg mot.

–I dag finst ikkje denne typen kunnskap, seier Hannus.

Og om ulukka skulle vere ute og det blir oljesøl, er Arktis ein svært krevjande stad å rydde opp sølet.

Forbrenning mest effektivt

– Vi har mykje igjen enno før vi har ei god løysing for ei stor ulukke i isfylte farvatn, seier Stein Erik Sørstrøm som er forskingsleiar ved SINTEF Marin miljøteknologi.

Han har leia eit forskingsprosjekt for å sjå korleis ein kan rydde opp oljesøl i isen.

– I isfylte farvatn vil du ha mange store og små isflak med lommer med vatn mellom. I tilfelle oljeutslepp vil du ha olje i desse lommene. Og då skal du bevege deg frå lomme til lomme for å behandle oljesølet. Det er ei logistikkutfordring i seg sjølv, seier Sørstrøm.

Tre metodar vart utprøvd for å fjerne oljesøl, mekanisk oppsamling, bruk av kjemiske middel og brenning.

– Ut frå dei forsøka vi gjorde var brenning det mest effektive. I løpet av ein halvtimes tid var oljen som var der forbrent.

Brenning av olje i arktisk is

Sintef-forsøk viser at forbrenning ser ut til å vere den mest effektive metoden for å fjerne oljesøl i is.

Foto: Sintef

– Ingen gode løysingar

Men om utsleppet skulle komme under isen, kan ingen av desse metodane nyttast.

Sidan olje er lettare enn vatn, vil oljesøl frå eit utslepp under is bli fanga i lommer på undersida av isen. Denne oljen vil bli svært vanskeleg å fjerne.

– Per dags dato har vi ingen gode løysingar. Det vil vere ein vanskeleg beredskapssituasjon, fortel Sørstrøm.

– Her krevst det ein innsats for å finne løysingar, seier forskingsleiaren ved SINTEF.

Utfordringane til trass, både Sørstrøm og Hannus trur vi vil sjå stadig meir oljeutvinning i nord.

– Eg er rimeleg sikker på oljeverksemda kjem til å utvikle seg nordover fordi presset på ressursane er såpass stort, meiner Sørstrøm.

– Det er fort ein 10–15 år før det er verksemd der oppe, men vi treng nok den tida på å skaffe kunnskapen, seier Henrik Hannus.

Sjå Schrödingers katt på NRK1 i kveld kl. 19.45.