Hopp til innhold

Taranteller avdekker hjernens fryktmekanismar

Ved å utsetje forsøkspersonar for taranteller, har forskarar funne ut meir om menneskeleg frykt.

Tarantell

Engelske forskarar har funne ut hjernen din reagerer ulikt avhengig av om du ser ein tarantell nærme seg eller fjerne seg.

Foto: RONALD WITTEK / Afp

Vi menneske er programmert til å frykte store, hårete edderkoppar.

Nettopp difor har engelske forskarar ved University of Cambridge funne ut at taranteller er ideelle for å studere frykt hos menneske.

I ein studie som er publisert i PNAS (Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America) , har Dean Mobbs og hans kollegaer brukt funksjonell MRI til å sjå hjernens respons på frykt for taranteller hos 20 frivillige forsøkspersonane.

Edderkopp i boks

Medan forsøkspersonane låg inne i magnettomografen, vart dei bedne om å stikke foten sin inn i ein boks.

Dei fekk så sjå ein påstått live video av ein edderkopp som var plassert ein stad i denne boksen.

Nokre gonger lét forskarane edderkoppen nærme seg forsøkspersonen sin fot, medan i andre tilfelle gjekk han i motsett retning.

I røynda eksisterte tarantellen berre på film, men dette visste ikkje forsøkspersonane.

  • Sjå videoen som vart vist til forsøkspersonane her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kaskade av fryktrespons

Hjerneskanninga avslørte ein kaskade av fryktrespons i hjernen til forsøkspersonane.

Når edderkoppen nærma seg, vart det større aktivitet i fleire område som utgjer hjernens fryktnettverk.

Blant områda som lyste opp i hjernen til forsøkspersonane var eit område kalla det peri-aquaduktale grå, det mandelforma amygdala, og ein kjerne i stria terminalis.

Amygdala er frå før kjent for å spele ei nøkkelrolle i behandling og hukommelse av kjenslemessige reaksjonar, som til dømes frykt.

Faren over

orbitofrontal cortex

Biletet viser kvar i hjernen orbitofrontal cortex sit. Dette området gir oss beskjed når faren er over og vi kan slutte å vere redde.

Foto: PaulWicks, CC

I det tarantellen fjerna seg, såg forskarane aktivitet i eit anna område i hjernen kalla orbitofrontal cortex, som er den delen av pannelappen som ligg ned mot augehola.

Aktivitet i orbitofrontal cortex såg ut til å signalisere at faren var over.

Forskarane håper at meir innsikt i hjernens fryktmekanismar kan hjelpe menneske med fobiar.

Kanskje det nettopp er forstyrringar i området som slår av frykt som gjer at nokre menneske aldri sluttar å vere redd for til dømes edderkoppar.

Sjå Newton-innslag: Kurerer edderkoppskrekk med tarantell.