Tarantell får fotfeste med silke

Taranteller er gode klatrarar trass i at dei er store og tunge. No har forskarar avslørt korleis taranteller held seg fast i underlaget.

Tarantell

For å unngå å falle, kan tarantellen skyte ut silkehår frå foten.

Foto: RONALD WITTEK / Afp

Tarantellen er stor og tung, og toler fall dårleg. Klatring er difor ein risikosport for den svære edderkoppen som veg opptil 50 gram.

No viser det seg at tarantellen har eit triks på lager for å unngå fall. Forsking på ulike tarantellartar viser at tarantellen kan skyte ut silke frå beina, og bruke dette til å halde seg fast.

Vippa tarantell på sida

Tarantell

Forskaren sin eigen tarantell, Fluffy, var for uroleg til å vere med i eksperimenta, men bidrog til forskinga ved å donere gamle huder kasta ved hudskifte til undersøking i elektronmikroskop.

Foto: Claire Rind, University of Newcastle

Hypotesen om at tarantellen kan skyte silke frå beina vart første gong framsett i ein Nature-artikkel i 2006, men den gongen vart forskingsresultata tilbakevist av ei anna gruppe då det viste seg at tarantellarten i forsøket ikkje klarte å produsere silke når dei normale spinnekjertlane var dekte med voks.

Men i England vekte desse resultata interesse hos forskaren Claire Rind ved Universitetet i Newcastle. Rind har sjølv tarantellen Fluffy som kjæledyr.

– Eg bestemte meg for å først sjå om andre store tarantellartar kunne henge fast på glatte, vertikale underlag, og så finne ut korleis dei kunne klare det sidan dei er så tunge, fortel Claire Rind til NRK.no.

Til eksperimenta sine nytta ho tre taranteller av arten Chilensk tarantell (Grammostola rosea). Desse vart plassert i akvarium. Forskarane vippa så akvaria forsiktig over på sida til tarantellen vart ståande vertikalt på underlaget.

Tarantellene sat framleis fast på underlaget trass i at akvariet var vippa. I nokre tilfelle gjekk dei også omkring på akvarieveggen, fortel Rind.

Forskarane filma samtidig tarantellene, slik at dei kunne utelate alle forsøk der tarantellen hadde vore nedi underlaget med spinnekjertlane.

Fotavtrykk

Då forskarane undersøkte underlaget under mikroskop fann dei mikroskopiske fotspor av silketråd.

Dr Rind undersøkte også den gamle huda til sin eigen tarantell i elektronmikroskop, og fann silkespinnande hår på det ytste leddet på beina.

– Vi er ikkje sikre på korleis tråden blir festa til underlaget, men det kan vere at tråden har eit festeområde som er meir klistrete enn hovudtråden. Men vi har og funne mange individuelle trådar av silke som dannar eit fotavtrykk ,seier Rind.

Rind ønskjer no å analysere silketråden for å sjå kva silkeprotein han er laga av.

Gir meir innsikt

– Dette er spennande stoff og gir oss meir innsikt i kvifor dei store tarantellene er så gode til å klatre på glatte flater, seier biolog og tarantelleigar Jan Ove Rein til NRK.no. Rein driv nettstaden Scorpion files, og held fleire taranteller og skorpionar som kjæledyr i huset sitt i Trondheim.

– Eg har jo observert mine eigne taranteller si utrulege klatreevne, og dei spinn jo ein del i samband med at dei beveger seg. Men eg har aldri lagt merke til trådar som kan stamme frå beina, seier Rein.

Frå før er det kjent at taranteller også har to andre festesystem. Det eine utnyttar såkalla van der Waals-krefter mellom tusenvis av små hår på tåputene ytst på beina til tarantellen og underlaget, lik det gekkoar nyttar for å halde seg fast.

Tarantellen har også små klør ytst på tåspissane som aukar festet til underlaget.

– Bakgrunnen for at tarantellene har utvikla dette tredje festesystemet, er nok at dei treng ekstra haldekraft i og med at dei er så tunge, seier Jan Ove Rein.

Missing link?

I artikkelen i The Journal of Experimental Biology legg Rind også fram ein hypotese om at dei silkespinnande håra hos tarantellen kan vere forløparen til spinnvorter og fangstnett.

Fordelinga av silkespinnande hår på tarantellens fot liknar på fordelinga av spinnhåra på den første spinnande edderkoppen, den 386 millionar år gamle Attercopus, skriv Claire Rind i artikkelen.

Rind og hennar forskargruppe er no i ferd med å undersøke dette nærare.