Mektige utbrot på sola, fargesprakande nordlys og stjernetåker tusen av lysår unna er blant motiva for årets påmelde bilete i fotokonkurransen Astronomy Photographer of the Year.
Konkurransen som blir arrangert for fjerde år på rad av Royal Observatory Greenwich i samarbeid med Sky at Night Magazine får inn bilete frå både proffe fotografar og entusiastiske amatørar over heile kloden.
– Alltid gode bilete frå Noreg
Norske Ole Christian Salomonsen frå Tromsø var blant fjorårets vinnarar av konkurransen med eit spektakulært bilete av nordlys over Sommarøy.
- Les også:
I år er han representert med nordlysbiletet «Celestial Illumination» som viser nattehimmelen opplyst av eit mektig og fyrverkeriliknande fargeshow.
Nordlyset som oppstår når ladde partiklar frå sola krasjar med molekyl høgt oppe i atmosfæren, er også motivet i biletet frå norske Tommy Eliassen. Han har fanga fargespelet over fjellet Høgtuva i det lyset speglar seg i eit vatn på fjellet.
– Det er alltid mange fantastiske foto frå Noreg fordi de har slik ein vakker himmel, seier Jenny Stewart ved Royal Observatory Greenwich til NRK.no.
Himmelsk nordlysshow fanga i biletet av den norske fotografen Tommy Eliassen.
Foto: Tommy EliassenMjølkevegen og det fjerne verdsrom
Ein vakker himmel er også fanga i Masahiro Miyasakas bilete av nattehimmelen over Kisofjella i Japan der vår heimlege galakse, Mjølkevegen, er synleg som eit tåkete band over snøkledde fjell.
Mjølkevegen over Kisofjella i Nagano i Japan.
Foto: Masahiro Miyasaka/ Royal Obervatory GreenwichAndre har peika kamera sine mot motiv som ligg endå lenger borte, mot objekt i vårt nære solsystem, eller mot svakt glødande stjernetåker i det fjerne verdsrommet.
Blant motiva her finn vi for eksempel biletet av stjernetåka «Elefantens snabel» som ligg om lag 2400 lysår unna jorda i stjerneteiknet Kefeus.
Månen og sola er representert i konkurransen, som i biletet «Sunny Airlines» der eit jetfly synest å fly strakt mot sola.
Jetfly og flystripe over sola. Store solflekker er også synlege i biletet.
Foto: Dunja ZupanicKonkurransen har fire hovudkategoriar, Jorda og rommet, vårt solsystem, det fjerne verdsrommet, og beste unge astronomifotograf for deltakarar under 16 år.
I tillegg premierer juryen tre spesialvinnarar for tema Mennesket og rommet, beste nykommar og beste Robotic scope-bilete for bilete tatt med datastyrte teleskop.
Vinnarane av konkurransen blir annonsert i London 19. september i år, og vinnarbileta vil bli utstilt ved Royal Observatory Greenwich fram til februar 2013.
Sjå fleire av våre biletgalleri og videoar med astronomiske motiv her: