Hopp til innhold

Stjerneskot gir betre vêrvarsel

Ørsmå meteorar som brenn opp 90 kilometer over bakken gir forskarane ny innsikt i vêret.

Stjerneskudd

Eit stjerneskot på himmelen skuldast vanlegvis meteorar på rundt eit gram som brenn opp i atmosfæren. Radarmålingar av meteorar på storleiken med støvkorn gir forskarane innsikt i vêrforhold høgt oppe i atmosfæren. Dette bilete er frå Voss i Hordaland.

Foto: Terje Nesthus

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Radarmålingar av ørsmå meteorar som brenn opp i atmosfæren gir forskarar ved NTNU unik innsikt i vind og temperaturforhold 90 kilometer over bakken.

Kunnskapen kan føre til betre vêrvarsel.

– Det kjem 30–100 tonn «romstøv» inn mot jorda kvart døgn, men det brenn opp i atmosfæren. Når støvet brenn opp legg det igjen eit spor som radaren kan måle, fortel forskar Rosmarie de Wit til NRK Schrödingers katt.

15000 stjerneskot kvar dag

Vêret høgt oppe over atmosfæren har mykje å seie for korleis vêret blir her nede ved jordoverflata.

Meteorologane er derfor svært interessert i å få data frå dette området i atmosfæren. Problemet er berre at vêrballongar ikkje går høgt nok, og satellittar går ikkje lågt nok til å samle inn data frå dette området som ligg heilt på grensa til verdsrommet.

Løysinga var å studere flystripene frå meteorar på storleiken med små støvkorn som brenn opp i atmosfæren.

Ved hjelp av instrumentet SKiYMET Meteor Radar fangar forskarane ved NTNUs atmosfæregruppe opp radiosignal frå 15000 usynlege "stjerneskot" på veg inn mot jorda over Trondheim og Midt-Noreg.

Kor fort flystripa eller sporet etter støvkornet løyser seg opp kan til dømes fortelje kva temperaturen er der oppe, mens korleis sporet flyttar viser styrken og retninga på vinden.

  • Sjå korleis forskarane måler signala frå stjerneskot-her:
Radarmålingar av ørsmå meteorar som brenn opp i atmosfæren kan føre til betre vêrvarsel.

Stjerneskot kan gi betre vêrvarsel

8 kilometer høge bølgjer

Dei første som oppdaga at det er turbulent vêr også høgt oppe i atmosfæren var astronautar i romskip på veg tilbake til jorda.

Når vind bles over fjell eller ein vêrfront er på frammarsj oppstår det luftbølgjer ved jordoverflata som også forplantar seg oppover i atmosfæren.

– Dette er det som forårsakar turbulensen som ein kan føle i eit fly når det møter toppane og bølgjedalane av vindbølgjene som ein båt i urolig sjø, forklarar professor Patrick Espy ved Institutt for fysikk ved NTNU.

Sidan lufta blir tynnare når ein går oppover i atmosfæren kan energien i bølgja flytte den stadig tynnare lufta lengre og lengre.

– 85 kilometer over bakken ville du sett bølgjer med toppar som tårnar 8 kilometer over deg og som kjem mot deg med 20 meter i sekundet, fortel Espy.

– Kan vinne over sola

– Viss bølgjene blir høge nok vil dei til slutt bryte som bølgjer som treff stranda. Akkurat som slike bølgjer rører sanden opp og ned på stranda og endrar kystlinja, vil desse bølgjene røre rundt atmosfæren der oppe, forklarar Espy.

Vanlegvis er det varmen frå sola som styrer kva vegar vindane bles på jorda ved å varme opp ekvator meir enn det mørke polområdet slik at vinden bles mot aust om vinteren og mot vest om sommaren.

– Men det er så mange av desse bølgjene og dei har så mykje kraft når dei bryt 90 kilometer over bakken at dei faktisk kan vinne over sola og snu vindane i atmosfæren i motsett retning, fortel Espy.

NTNU -forskarane håpar at ei betre forståing av kva som går føre seg om lag 100 kilometer over hovuda våre vil gi meteorologane moglegheit til å gi sikrare langtidsvarslingar.

Sjå innslaget i Schrödingers katt torsdag kl. NRK1.