Hopp til innhold

Steinaldermenn tatoverte sine edle delar

Funn av dekorerte steinalderfallosar viser at menn i førhistoriske Europa dekorerte sine edle delar med arr, piercingar og tatovering, i følgje spanske forskarar.

Begbymannen

Gjengivingar av penisar i førhistorisk kunst er ikkje uvanleg. Her Begbymannen frå helleristingsfeltet i Begby i Østfold.

Foto: Kristin Josefsen (Østfold Fylkeskommune)

Steinaldermenn kan ha kutta, pierca og tatovert penisen sin, meiner eit team av spanske og franske forskarar.

Dekorert med linjer og former

Forskarane Javier C. Angulo og Marcos García-Díez frå Spania, har saman med den franske arkeologen Marc Martinez studert dekorasjonar på europeiske fallosar som er laga frå 38.000 til 11.000 år sidan.

Studien deira er publisert i desembernummeret av Journal of Urology.

42 fallosar frå yngre steinalder har blitt studert av forskarane. Tretti av desse var dekorert på ulike måtar med linjer, prikkar, groper eller til og med former som representerer menneske eller dyr.

Forskarane meiner at dekorasjonane på fallosane representerer kroppskunst som scarification (kroppskunst i form av arr), kutt, piercingar og tatoveringar som steinaldermenn utførte på sine eigne kjønnsdelar.

Til Discovery News seier hovudforfattar Javier Angulo at ein ikkje veit kva symbola på fallosane står for, men nokre moglege forklaringar på symbola er at dei til dømes representerer territoriale merker eller landmerke, shamanistiske teikn, eller formar for primitiv teljing.

Kroppsdekor vanleg i Europa

Professor Cristopher Prescott ved UiO

Professor Cristopher Prescott.

Foto: Universitetet i Oslo

– Vi har ikkje funne mange forhistoriske kjønnsorgan, så det er vanskeleg å vurdere kor utbreitt det var å dekorere genitalia, kva det eventuelt bestod i , og kvifor ein eventuelt utførte dekoreringar, seier arkeolog Christopher Prescott ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Prescott fortel at det er to ulike fortolkingar av bergkunst, dei som meiner figurane meir eller mindre er ei spegling av det som fanst i røyndommen, og dei som meiner det er meir mytiske, rituelle, kunstnariske eller symbolske attgivingar.

Arkeologen meiner likevel det er ganske sannsynleg at steinaldermenneske dreiv med kroppskunst.

– Funnet av den 5000 år gamle ismannen Ötzi i Alpane og Grønlandsmumiane gjer at ein ser på kroppsdekor som meir vanleg også i Europa, fortel arkeologen.

Steinaldermannen Ötzi

Steinaldermannen Ötzi

Foto: SIMONE CREPALDI / AP

Ismannen Ötzi som vart funne av eit tysk ektepar på fjelltur i Alpane i 1991 hadde fleire tatoveringar på kroppen, blant anna på handledda, korsryggen, kneet, oklane, akillessen og foten.

Om genitalia også var tatovert, er dette vanskeleg å seie då dei var såpass inntørka at nokre sette ut rykte om at han var kastrert.

– Vi har også eit funn av ein potensiell leppeplugg frå Skrivarhelleren i Sogn frå ca 2000 år før Kristus, som kan tyde på ein piering av leppa, seier Prescott..

Fallisk bergkunst i Noreg

Fallosen på Dønna.

Fallos på Dønna i Nordland.

Foto: Billy Jacobsen / NRK

Arkeologen kjenner ikkje til funn av dekorerte fallosar frå Noreg, men fortel at vi har falliske steinar frå jarnalderen, og at det også finst døme på falliske representasjonar i bergkunsten i Noreg.

– I bronsealderen kan vi førestille oss at kjønssymbolikk gjekk inn i elitens maktspråk, fortel Prescott.

– Dette ser ein også igjen i bergkunsten, der mange som er eller gjer noko er representert med fallos, medan «statistane» ikkje har markert kjønn. Då er det ikkje urimelig å tenkje seg at også penis blei utsett for ein eller annan utsmykking, dekor eller omskjering, seier Prescott.