Hopp til innhold

Legg sporv på boks for klimasvar

Sporvens prestasjon i denne boksen avgjer om han får bli på øya Vega. Føremålet er å studere artars tilpassing til eit varmare klima.

Video Sporvefangst på Vega

Professor Bernt-Erik Sæther

Professor Bernt-Erik Sæther ved Senter for Bevaringsbiologi ved NTNU.

Foto: NRK

Væpna med nett og tolmod har forskarar jakta på sporven på øya Vega. Alle individa på øya har blitt samla inn og sortert før dei største fuglane vart sett ut igjen.

Sporvefangsten er ledd i eit stort forskingsprosjekt ved NTNUs Senter for Bevaringsbiologi.

Med Vega som eit gigantisk laboratorium skal biologane nytte Vega-sporven som eit mål på kor raskt ein viltlevande art kan tilpasse seg til klimaendringar.

– I dag endrar klimaet seg svært fort. Mange hevdar at dette ikkje er noko problem fordi evolusjonen går så raskt, andre hevdar at det ikkje går raskt nok. Det er dette vi vil prøve å finne svaret på i denne studien, seier Bernt-Erik Sæther ved Senter for Bevaringsbiologi til NRK Schrödingers katt.

Mens ingen biologar er ueinige om at evolusjon skjer, er dei altså enno ueinige om kor raskt evolusjonen arbeider i naturen.

Stoffskiftet bestemmer om dei får bli

Alle dei om lag 200 sporvane på Vega vart fanga av forskarane og samla i ein låve utstyrt med eit laboratorium.

Her har forskarane vege og målt sporvane.
I eit lukka kammer med lufttilførsel målte forskarane også sporvens stoffskifte ved å berekne kor mykje oksygen sporven brukte i løpet av ei natt.

Berre sporvane med det høgaste stoffskiftet var blant dei utvalde som fekk sleppe ut igjen på Vega. Dette var som oftast også ofte dei største sporvane.

Dei andre fuglane vart frakta bort frå øya til andre stader.

– Det vi gjer er at vi endrar gjennomsnittet i bestanden slik at vi får større fuglar. Då skal naturen bringe dei tilbake til utgangspunktet viss dei er tilpassa miljøet dei lever i, fortel Sæther.

Sporvefangst på Vega

Store sporvar med høgt stoffskifte klarar seg best. Men kvifor det er slik, veit forskarane enno ikkje.

Foto: NRK

Best å vere stor

Forskarane arbeider ut frå ei hypotese om at det løner seg frå sporven å vere stor i det nye klimaet.

– Vi ser at dei store sporvane klarar seg betre og bidrar mest til framtidige generasjonar. Men enno veit vi ikkje heilt kvifor det er slik, fortel sporveforskaren.

Ei mogleg forklaring på dette fenomenet er at alle fuglar legg egg tidlegare no enn før, og at større fuglar taklar tidleg egglegging betre enn små fuglar.

– Det kan for eksempel vere slik at dei store sporvane er betre i stand til å takle uvêrsperiodar eller snø som kjem overraskande, seier biologen ved NTNU.

To scenario

I løpet av forskingsperioden på fire år vil forskarane følgje med på bestanden og sjå kva som skjer.

– Vi forventar eitt av to scenario, enten at sporvane held seg store, eller at dei største fuglane dør ut, seier Bernt-Erik Sæther.

Dersom sporvane held seg store, betyr det at den opphavlege bestanden på Vega enno ikkje var fullt tilpassa til miljøet på øya.

Dersom det andre scenarioet slår til, vil det bety at arten slik han var på Vega før forskarane tukla med bestanden, allereie var godt tilpassa til miljøet.

Forskarane er rimeleg trygge på at dei vil kunne sjå eit resultat i løpet av prosjektperioden, etter erfaringar frå eit liknande prosjekt.

– Vi har ein mistanke om at bestanden vil gå tilbake til utgangspunktet, seier Sæther.

– Vi er opptekne av å finne ut om det skjer, kvifor det skjer, og kor fort det skjer, seier biologen.

Sjå Schrödingers katt på NRK1 i kveld kl. 19.45