Hopp til innhold

Kan ha funne spor etter verdas eldste dyr

Kulrunde, kinesiske fossil kan vere restar frå dei eldste dyra i verda. Fossila er over 600 millionar år gamle og viser eit viktig steg i evolusjonen då livet utvikla seg frå eincella til komplekse, fleircella organismar.

Megaclonophycus-fossil

STEINSKIVER: Ved å skjere steinar i tynne skiver og kikke på dei under eit godt opplyst mikroskop, kunne forskarane studere dei pittesmå fossila inni steinane nærare.

Foto: Lei Chen og Shuhai Xiao

Fossila blir kalla Megasphaera og blei funne i nokre steinar i Doushantuo-feltet i Sør-Kina. Dei er pittesmå og runde, og levde på grunt vatn for over 600 millionar år sidan.

Til no har me ikkje funne anna enn enkle ein- og fleircella organismar som er så gamle. Desse fossila ser derimot ut til å vere komplekse, fleircella organismar, altså den enklaste forma for dyr.

– Denne oppdaginga kan hjelpe oss å tidfeste meir nøyaktig når og korleis einskilde celler byrja å samarbeide med andre celler for å lage samanhengande livsformer, seier Shuhai Xiao til nettstaden livescience.com

Han er geobiolog ved Virginia Polytechnic Institute and State University i Blacksburg, USA, og ein av forskarane som har gjort oppdaginga.

LES OGSÅ: Stor hull i teori om livets utvikling

Kunsten å sjå inn i steinar

Shuhai Xiao

FOSSILFORSKAR: Geobiologien Shuhai Xiao ved Virginia Tech i USA har studert fossila frå Sør-Kina i årevis.

Foto: Virginia Polytechnic Institute and State University

Steinane som fossila blei funne i er ein type sedimentære bergartar kalla fosforittar. Dei fann forskarane for fleire år sidan, og allereie i 1998 studerte Xiao fossil frå dei grå steinane dei fann i Doushantuo-feltet.

Men det er aldri funne vaksne dyr som desse cellene kan stamme frå, og det har vore vanskeleg å kome fram til sikre svar på kva desse fossila eigentleg er for noko.

No har Xiao og teamet hans klart å hente ut fossil frå svarte steinar dei fann i Doushantuo-feltet. Desse fossila har vore enda vanskelegare å undersøkje.

Dei er om lag 0,7 millimeter i breidda og sit inni steinane. Ved å skjære steinane i tynne skiver og lyse gjennom dei tynne laga, kunne forskarane sjå inni fossila. Og der fann dei noko spanande.

LES OGSÅ: Bakterier påvirker evolusjonen

«Matrjosjka»-celler

Når dei undersøkte steinskivene i mikroskop, såg dei at cellene i fossila sat saman i kuleformer. Likevel skilde cellene seg tydeleg frå kvarandre. Dei var ulike i storleik og form, og det tyder på at dei har utvikla ulike typar vev og hadde ulike funksjonar.

Cellene har altså vakse saman til éin organisme, gruppert seg og sidan døydd i lag, og det er typiske kjenneteikn ved komplekse, fleircella organismar som dyr og planter.

Blant cellene fann dei òg einskilde klynger av mindre celler. På grunn av måten dei hang saman på, gav forskarane dei namnet «Matrjosjka» etter dei russiske lag-på-lag-dokkene.

Dei trur «Matrjosjka»-cellene kan vere forplantningsceller (som egg- og sædceller), og det er enda eit kjenneteikn ved komplekse, fleircella organismar.

LES OGSÅ: Evolusjonen ville gjentatt seg

– Utdøydde dyr kan sjå heilt annleis ut

Desse fossila kan derfor vise korleis evolusjonen har gått frå eincella til avansert, fleircella liv. Men anatomien til cellene liknar òg på algar, og derfor kan cellene vise seg å vere frå planter.

Neste steg i forskinga blir derfor å finne fleire slike fossil å undersøkje, og dyra dei eventuelt stammar frå.

– Me må ha eit ope sinn når me leitar etter dette. Så gamle, utdøydde dyr kan sjå heilt annleis både utanpå og inni enn dyr me kjenner i dag, seier Xiao.

Du kan lese heile forskingsartikkelen om funnet til Xiao og temaet hans på nettstaden nature.com.

LES OGSÅ: Neandertalerne var nesten utrydda før det moderne mennesket kom