NRK Meny
Normal

Slik sparar du klimaet med klesvasken

Hjelper det miljøet om du vaskar kleda dine mindre? Britiske myndigheiter meiner det. – Eg ville ikkje fokusert på dette, seier norsk professor.

Vaskemaskin

Om du gjer dette litt sjeldnare, sparar du klimaet, hevdar den britiske miljøvernministeren.

Foto: Laurent Renault / ScanStock

Britiske forbrukar blir råda til å vaske kleda sjeldnare for å kutte klimautslepp og spare miljøet.

– Ved å redusere klesvasken med ein tidel kan vi spare karbonutslepp og vatn, seier det britiske regjeringsoppnemnde rådet Waste and Resources Action Programme (WRAP), og blir backa opp av den britiske miljøvernministeren.

Dette har irritert blant anna det britiske TaxPayers’ Alliance, som meiner WRAP bør halde seg unna skitentøyskorga til britane og prioritere andre, meir viktige satsingsområde. Dette skriv Mail Online.

Nordmenn brukar i alle fall ikkje vaskemaskina mindre enn britane. Kor mykje kan vi spare klimaet og miljøet på vaskerommet?

Vi tok ei ringerunde til forskarar og miljøvernorganisasjonar for å sjekke saka.

– Mykje å spare

– Ja, det er mykje å spare på klesvasken, seier forbruksforskar Kirsi Laitala ved Statens institutt for forbruksforskning. Laitala er medforfattar på artikkelen «Potential for environmental improvements in laundering» som kom ut i 2011.

Forbruksforskaren fortel at vasken ofte er det som utgjer mest energi i levetida til eit plagg. Energien du brukar ved vasking og tørking av eit plagg overstiger altså energien som blir brukt på å produsere og transportere plagget.

For å redusere energibruken ved vasken har Laitala nokre gode råd.

– Du kan vaske kleda på lågare temperatur med vaskemiddel som er tiltenkt lågtemperaturvask. I staden for å vaske på 40 grader kan du vaske på 30 grader og få like godt resultat. Ved å gå ned 10 grader i vasketemperatur sparer du 0,23 kilowattimar i gjennomsnitt på ein vask, seier Laitala.

Forskaren fortel at det også er mykje å spare på å bruke økoprogrammet på vaskemaskina, i gjennomsnitt 0,27 kilowattimar per vask, noko som svarar til 19 % energireduksjon.

– Ved å redusere vaskehyppigheit og temperatur kan ein i tillegg unngå å slite kleda unødvendig, noko som kan auke levetida på kleda, seier Laitala.

Ho anbefalar også å droppe trommeltørking når det er mogleg. – Det brukar mykje straum, og mange plagg krympar meir enn ved hengetørk, fortel ho.

– Ingen grunn til å trekkje fram klesvasken

Klær på tørkesnor

Tørkar du kleda på tørkesnor i staden for i trommel sparar du klimaet og lommeboka.

Foto: Colourbox

Professor Edgar Hertwich ved Program for industriell økologi ved NTNU er ikkje spesielt bekymra for energiforbruket ved klesvask.

– Med mindre vi gjer radikale endringar på andre område også ville eg ikkje fokusere på dette, seier han.

Hertwich fortel at karbonutsleppet frå elektrisitetsforbruk hos ei norsk hushaldning svarar til om lag 300 kilo CO2.

Til samanlikning står utsleppet frå bilbruken til ei hushaldning for om lag 2200 kilo CO2. Om lag sju gongar så mykje.

– Vi vaskar nok klede for mykje i forhold til det som er nødvendig, men eg synest det er betre å seie at folk skal vaske med mindre temperatur og tørke kleda ute eller på klesstativ i staden for tørketrommel, seier Hertwich.

– Nordmenn har nyare utstyrspark som gir mindre utslepp, og vi har også tilgang til meir vatn og reinare straum enn det ein har i andre land, seier Hertwich.

–Eg ser eigentleg ikkje nokon grunn til å trekkje dette fram, det er overforbruk på fleire område. Eg vil nok heller anbefale å ta ein tur på fjellet i staden for den neste storbyferien, seier Herwich.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Luft kleda i staden for å vaske

Tone Granaas

Tone Granaas i Grønn Hverdag.

Foto: Grønn hverdag

Dagleg leiar i miljøorganisasjonen Grønn Hverdag, Tone Granaas, synest absolutt at vi skal prøve å spare både vatn og energibruk når vi vaskar klede.

– Vår filosofi er at ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Den største fella vi kan gjere er at alle tenkjer at det hjelper ikkje det vesle eg gjer, seier Granaas.

Grønn Hverdag-leiaren gir følgjande råd for å spare miljø og klima når du vaskar klede:

  • Når du skal kjøpe ny vaskemaskin, kjøp ei som er energisparande.
  • Bruk vaskemaskina riktig, og køyr ikkje vaskemaskiner som er halvfulle.
  • Gjer reint på lågare temperatur. Kokevask er ikkje nødvendig lenger.
  • Luft kleda i staden for å vaske dei. Det er kanskje ikkje alle klesplagg i skitentøyskorga som er møkkete, men som berre kan luftast litt før dei er greie igjen.
  • Bruk vaskepulver etter anvising, og kjøp svanemerka vaskepulver.
  • Tørketrommelen bruker ganske mykje energi. For dei som har moglegheit for å tørke på tørkestativ er det best.
  • Skal du bruke tøymjukner, kjøp svanemerka produkt utan parfyme. Og kvifor ikkje berre hoppe over tøymjuknaren, føreslår Granaas.

– Det som er så bra er at når ein sparer vatn og energi og vaskepulver, så sparer ein også pengar, seier Granaas.