Hopp til innhold

Solcellefly på første internasjonale flyging

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det solcelledrivne flyet «Solar impulse» har gjennomført si første internasjonale flyging. Flyet brukte meir enn 13 timar frå Sveits til Belgia.

André Borschberg i solcelleflyet Solar impuls

Pilot André Borschberg i solcelleflyet Solar impulse.

Foto: skjermdump

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det solcelledrive flyet Solar impuls, tok i dag tidleg klokka 08.40 norsk tid av frå flyplassen Payerne i Sveits. Flyet landa på flyplassen i Brussel like etter klokka 22.00 norsk tid.

– Dette er vidunderleg, sa Bertrand Piccard, ein av grunnleggjarane av Solar Impulse-prosjektet etter landing.

– Det å vere i lufta på veg til Brussel i eit fly som berre flyg med krafta frå sola, er ei fantastisk kjensle, sa André Borschberg i ei direkte video-overføring frå flyet.

Det var mogleg å følgje flyet og piloten direkte via video på heimesida til flyet.

I fjor klarte solcelleflyet å vere ei heil natt på vengjene. Flyet er altså heller ikkje avhengig av dagslys for å kunne fly. Sjå ein video av nattflyginga på slutten av saka.

Vil vise kva som er mogleg

– Vi vil vise kva som er mogleg å gjere med eksisterande teknologi. Det er svært vanskeleg å seie om alle vil fly solcelledrivne fly i framtida, men viss vi ikkje startar i dag, vil vi ikkje ha dette i morgon, sa piloten André Borschberg via video frå flyet.

Han minte også dei som følgde med på sendinga om at det ein kan gjere på bakken, er å redusere forbruket for å gjere klimautsleppa mindre.

Neste mål: jordomflyging

Solar impuls er laga av karbon, og flyg heilt utan drivstoff. Det 1600 kilo tunge flyet har eit vengjespenn på 63,4 meter og har fire elektriske motorar på 10 hestekrefter kvar.

– Vi flyg i prinsippet med ei krafta som tilsvarar ein liten motorsykkel, ein scooter. Det er svært energieffektivt, sa Borschberg.

– Vårt neste mål er å fly jorda rundt med det neste solcelledrivne flyet som vi skal byggje i 2014, sa han.

Sjå video av nattflyginga til solcelleflyet i 2010