Hopp til innhold

So mykje tiss var det i bassenga

Ny metode avdekka 75 liter urin i offentleg badebasseng i Canada.

Svømmeundervisning

I tidlegare undersøkingar har ein av fem badegjestar innrømt at dei tissar i bassenget.

Foto: SCANPIX / NTB scanpix

Talet på folk som tissar i offentlege basseng kan vise seg å vere meir enn det ein vil like å tru.

Ved å måle store mengder vatn for søtstoffet acesulfam K (ACE), kan forskarar no finne ut kor mykje folk tissar i offentlege basseng. Grunnen til at ACE er ein fin indikator for urin er at vi finn det i mykje av maten vi et. 95 prosent av stoffet skyljast ut i urin utan å endre kjemisk form.

Over tre veker overvaka ei forskingsgruppe to offentlege basseng i Canada ved bruk av denne nye metoden. Dei kan no avsløre at gjestane i det største bassenget hadde tissa 75 liter urin. Bassenget hadde eit volum på 830 000 liter som er om lag ein tredjedel av eit olympisk basseng. I det andre, som var halvparten så stort, fann dei 30 liter.

– Denne artikkelen bekreftar det vi har visst frå før, nemleg at alle lek litt urin ved bading. Gjennomsnittleg gir kvar badande frå seg høvesvis mellom 25- 77,5 milliliter urin når dei er i vatnet, forklarer Vidar Lund ved folkehelseinstituttet.

Symjarar kan likevel trøyste seg med at det ikkje er dei store bassenga som er verst. I boblebada viste det seg nemleg å vere mykje høgare konsentrasjon. Eit av dei hadde tre gongar høgare urinkonsentrasjon enn det verste bassenget.

Ikkje ubetydeleg

75 liter er matematisk sett ganske lite då dette utgjer berre 0,009 prosent, men det er heller ikkje eit tal ein skal skyve under stolen.

– Urinstoffet urea brytast ned av klor, og denne nedbrytinga resulterer i danning av kloraminer. Det er desse stoffa som gir klorlukt av bassengvannet, og som også gir opphav til svie i auga og hudkløe, fortel Lund.

Han peikar også på at desse stoffa kan medverke til astma.

– Sjølv om norske basseng antakeleg blir tilført like mykje urin som canadiske basseng med tilsvarande tal på badande, så vil basseng som er drive i samsvar med norske vedtekter reinse ut dei komponentane i urinen som kan gi ubehag for de badande, avsluttar Lund.