Hopp til innhold

Slik ser stamming ut i hjernen

Forskarar meiner dei har lokalisert stamming i hjernen for første gong. – Dette kan bidra til betre behandling for stamming, seier norsk ekspert.

MRI-bilete av hjernen til personar med taleflytvanskar

Ved hjelp av ein svært fintfølande MRI-metode har amerikanske forskarar sett forskjellar i hjernen hos stammarar og ikkje-stammarar.

Foto: University of California Santa Barbara

Ved hjelp av svært fintfølande MR-teknologi hevdar amerikanske forskarar å ha lokalisert årsaka til stamming i hjernen.

Forskarane at hjernen hos 8 "stammarar" skilte seg frå hjernen hos ikkje-stammarar i eit område av hjernen som heiter arcuate fasiculus. Dette er ein stor nervebunt som bind saman språklege område.

Studien er gjort av Roger Ingham og kollegaer ved University of California Santa Barbarara i USA. Dei ønsker å nytte kunnskapen til å forme ut betre behandling for personar med taleflytproblem.

DTI-MRI-skanning av hjernen hos personar med og utan stamming.

a) Område kopla med nervebuntar som var ulike hos stammarar og ikkje-stammarar. b) Område som var til stades hos personar utan stamming, men som mangla hos stammarar er merka med blått. Raude nervebuntar vart funne berre hos stammarar.

Foto: University of California Santa Barbara

Manglande kopling

3D-modellering av ein nervebunt i isselappen som deler seg i tre

MR-teknologien som er brukt er Diffusion spectrum imaging, DSI. Denne metoden gjer det mogleg å følgje hjernens nervebuntar i hjernen heilt fram til punktet der dei kryssar andre buntar. Biletet viser ein nervebunt i isselappen som deler seg i tre.

Foto: Brain Imaging Center, University of California Santa Barbara.

Arcuate fasciculus bind saman eit område framme i hjernen som er lenka til munnleg språk med tre ulike område lenger bak i hjernen.

Hos sju av dei åtte personane med stamming som forskarane studerte mangla det kopling til eit område som er viktig for korleis vi oppfattar tale.

Forskarane ønsker no å studere hjernen til menneske som har komme over taleproblema sine, for å sjå om hjernen deira har endra seg med behandling.

– Er det noko spesielt med koplingane hos menneske som blir bra igjen? Manglar dei ein del av arcuate fasiculus, men har ein annan del som er sterk nok til å vege opp for dette? Dette ønsker vi å undersøke med hjelp av DSI, fortel professor Scott Grafton i ei pressemelding.

– Spennande studie

– Dette er ein spennande studie, seier seniorrådgjevar og logoped Hilda Sønsterud i Statped til NRK.

Ho håpar at denne studien kan hjelpe logopedar til å føreseie kven som står i fare for å bli kroniske stammarar.

Mens heile ein av ti barn opplever stamming ein eller annan periode i førskulealder, er det nemleg berre ein av hundre som held fram med å stamme som ungdom og vaksen.

– Det ville spare oss logopedar for mykje ekstra tid dersom vi kunne konsentrere oss om dei barna som verkeleg står i fare for å bli "kroniske stammarar", seier ho.

Studien kan også gjere det lettare å sette inn trening eller behandling i riktig område i hjernen.

– Ved å lokalisere meir spesifikt kva som skjer i hjernen når vi snakkar og stammar, så kan det hende at vi kan klare å vere meir spesifikke i våre tilnærmingar og tiltak som skal bidra til å endre stamminga, seier ho.