Hopp til innhold

Sladder påverkar kva du ser

Negativt sladder om ein person gjer at du vil huske denne personen mykje betre enn andre viser ei amerikansk studie.

jenter sladrer

Hjernen vår ser ut til å vere programmert til å lytte til sladder. Og nei; det gjeld ikkje berre kvinner.

Foto: Birgit Reitz-Hofmann

Å sladre om andre er ikkje pent, det har vi alle lært. Men no viser ny forsking at hjernen vår synest å vere programmert til å høyre på sladder.

Negativt sladder ser nemlig ut til å ikkje berre verke inn på korleis vi oppfattar eit ansikt, men også om vi legg merke til eit ansikt i det heile tatt viser ny forsking.

Ven eller fiende

I ein studie som er publisert i siste nummer av Science har psykologen Lisa Feldman Barrett vist forsøkspersonar bilete av ulike personar saman med negative eller nøytrale utsegner – eller sladder om du vil.

Sladderet kan til dømes fortelje at personen har slått ein liten unge, eller at han kasta ein stol på ein klassekamerat.

Under ser du eit døme på eit bilete som vart vist til forsøkspersonane:

Negativt sladder

Forsøkspersonane fekk sjå slike bilete av ansikt saman med nøytrale utsegn eller som her, negativ sladder.

Foto: Lisa Feldman Barrett, Northeastern University

Når forsøkspersonane seinare fekk sjå bilete av dei same ansikta saman med andre bilete, viste det seg at dei såg mykje lenger på biletet av ansikta som var knytt til eit negativt utsegn, enn på ansikta som var knytt til nøytralt sladder.

Sladder påverkar kva ansikt du legg merke til

Når forsøkspersonen seinare fekk sjå att ansikta saman med nøytrale bilete, fokuserte hjernen på ansikta som var knytt til negativt sladder.

Foto: Lisa Feldman Barrett, Northeastern University

Dette er altså noko som skjer ubevisst, og er ein eigenskap som ser ut til å finst hos alle menneske.

– Sladder hjelper oss å finne ut kven som er ven og kven som er fiende utan at vi må erfare det sjølve. Denne eigenskapen kan ha utvikla seg for å verne oss mot svindlarar og løgnhalsar, seier Lisa Barrett til NRK.no.

– Slikt negativt sladder kan også avsløre svake sider ved våre konkurrentar som vi kan bruke til å skaffe oss ein fordel på eit seinare tidspunkt, seier Barrett.

- Hjernen tar avgjerder for oss

Terje Bongard

Mennesket har sete rundt leirbålet og sladra om andre i tusenvis av år, seier biolog Terje Bongard.

Foto: Lise Munkeby / Privat

– Denne studien, i likskap med anna forsking på dette området, viser at vi ikkje har den kontrollen over hovudet vårt som vi trur vi har. Berre ein mikrodel av det som føregår i hjernen vår høyrer til bevisstheita vår, hjernen vår tar avgjerder for oss, seier humanbiolog Terje Bongard til NRK.no.

Bongard er også medforfattar av boka Det biologiske mennesket.

– Kjenslelivet vårt er forma av evolusjonen over dei siste årmillionane. Klart det var lurt å følgje med på sånt [sladder]. Dei som gjorde det hadde fordelar, og sikra fleire etterkommarar, seier Bongard.

Bongard synest det er viktig at vi finn ut meir om kva som styrer menneskets kjensler og handlingsmønster.

– Viss vi ikkje forstår oss sjølve, kan vi heller ikkje lage eit berekraftig, sosialt og rettferdig samfunn, seier Bongard.

Kvinner og menn like påverka

Vi tenkjer vanlegvis at kvinner er mest glad i å sladre, men studien til Dr. Barrett støttar ikkje opp under denne gamle stereotypien.

– Menn og kvinner var like påverka av sladder, fortel Dr. Barrett.

Og ho legg til: Generelt er det slik at mange av dei kjønnsskilnadene som finst, særleg når det gjeld i høve til kjensler, viser seg ikkje å stemme når dei blir undersøkt vitskapleg.