Eitt år etter at verdas første saltkraftverk opna på Tofte i Buskerud har det amerikanske tidsskriftet Time ofra to sider på den norske satsinga på miljøvenleg saltkraft under tittelen ”Noregs krafttak”.
- Les artikkelen i Time her: Norway's Power Push
Som leiar av noko så eksklusivt som eitt av verdas to einaste pilotanlegg for saltkraft, er Stein Erik Skilhagen i Statkraft vand med internasjonal interesse. Likevel er det stort å få to sider i Time.
–Det er spennande for oss, og gir oss sjanse til å fortelje kva vi synest er viktig, seier Skilhagen til NRK.no. Dette viser at interessen for nye løysingar er ettertrakta, legg Skilhagen til.
Kraftblanding
Der vi andre ser ei elv som renn ut i havet, ser Skilhagen potensiale for å hauste energi.
I møtet mellom ferskvatn og saltvatn ligg ei kjelde til miljøvenleg kraft som byggjer på prinsippet osmose.
Osmose er naturens ibuande ønskje om å jamne ut skilnader i ulik konsentrasjon.
- Les også:
- Les meir om saltkraft på Statkraft sine sider: Saltkraft kort forklart
Osmose er også fenomenet som får vatn til å stige frå røtene og heilt i toppen på eit tre.
Eit saltkraftverk kan i prinsippet byggjast alle stader der reint ferskvatn renn ut i havet.
NASA interessert
I artikkelen i Time er det også henta inn uttalingar frå blant anna den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA.
NASA er interessert i saltkraft både i form av membranutvikling som kan nyttast for produksjon av drikkevatn, men også som energi.
Seniorforskar Michael Flynn i NASAs Ames Research Center kallar Statkrafts pilotanlegg for saltkraft for eit paradigmeskifte.
–Det er godt å sjå at andre støttar vårt syn, seier Skilhagen om uttalingane som kjem fram i Time.
Skilhagen vil også trekkje fram at han synest det er svært positivt at Timeartikkelen avslører at ein av verdas største vasskraftprodusentar, det kanadiske selskapet Hydro-Quebec, har rekna på potensialet i saltkraft, og vurderer å byggje saltkraftverk sjølv.
–Dette viser ei framoverlent haldning som vi synest er bra, seier Skilhagen.
Koker te på saltkraft
I løpet av året som pilotanlegget har vore drift har Statkraft fått bekrefta at teknologien verker, men også at det er mykje som gjenstår før saltkraft er klar for kommersiell drift.
–Vi er framleis i ein veldig tidleg fase, seier Skilhagen.
.
Skilhagen trekkjer fram membranteknologien som den største utfordringa av teknisk art.
I dag klarar dei beste membranane å produsere 3 watt per kvadratmeter. For at saltkraft skal vere kostnadseffektivt må ein opp i 5 watt per kvadratmeter.
Skilhagen understreker også at myndigheitene må medverke til å løfte fram ny teknologi.
Førebels produserer pilotanlegget på Tofte i Hurum berre ca 2-3 kilowatt, noko som akkurat var nok til å koke tevatn til kronprinsesse Mette-Marit under opninga av anlegget i fjor.
- Les også:
Men snart tar Statkraft saltkrafta eit nytt steg framover:
–Vårt neste mål er å byggje eit pilotanlegg på 1-2 MW, seier Skilhagen.
Planleggjinga av dette anlegget kan starte om 2-3 år.
Og etter dette er vegen kortare for at lyspærene i huset ditt får energi frå møtet mellom ferskvatn og saltvatn.