Det er aldri dokumentert at det var den mektige høvdingen Snorre Sturlason som skreiv dei norske kongesogene. Den respekterte professoren meiner tida no er inne for å sjå meir nyansert på Snorres forfattarskap. Truleg var det andre som sette saman dette grunnleggjande verket om norsk historie, etter Snorres død i 1241, meiner Louis-Jensen.
Handskrift tapt i bybrann
Det finnst i dag ikkje noko originalt handskriv med Heimskringla-tekst frå Snorres tid. Det eldste som finst er eit einaste ark frå ca. 1260. Dette arket tilhøyrde eit stort handskrift kalla "Kringla", som brann i bybrannen i København i 1728. Kringla-handskriftet var det einaste som inneheldt alle delande av det samla verket vi dag populært kallar Snorre – eller Heimskringla. Vi kan lese det i dag takk vere avskrifter som var tatt før bybrannen.
Etter Snorres død
Det gamle Kringla-handskriftet kan altså ved hjelp av det eine arket tidfestast til ca. 20 år etter Snorres død. Kringla kan ha vore ei avskrift av noko Snorre skreiv. Men Jonna Louis-Jensen set eit stort spørsmålsteikn ved om Snorre sette det saman til eit ferdig kronologisk verk over den norske historia frå oldtida til Kong Sverre. Som mektig politikar var Snorre involvert i mykje strid, og det kan vera grunn til å tru at han hadde lita ro på seg til alt skrivearbeidet før han vart halshogd på ordre frå den norske kongen i 1241.
Anna forfattaromgrep
Men like viktig kan det vere at forfattaromgrepet ikkje var det same den gongen som i dag, meiner Jonna Louis-Jensen. Grensene mellom forfattar, redigerar og avskrivar kunne vera flytande i mellomalderen, og prosatekstar kunne fritt redigerast inn i nye samanhengar.
Meir nyansert
Reykholt
Alt i alt er det meir som talar for at det ikkje var Snorre som redigerte heile Heimskringla enn at han gjorde det, meiner den danske professoren, som i mange år har studert islandske mellomalder-handskrifter. Ho er ikkje ute etter å ta ifrå Snorre æra som ein stor forfattar – forfattarskapet hans er nemnt i i andre kjelder frå mellomalderen. Men ho vil ha fram eit meir nyansert syn på hans rolle i redigeringa av Heimskringla. Den anonyme redigeraren av det ferdige verket bør også han sin del av æra. Og Jonna Louis-Jensen har ein kandidat til kven det kan ha vore: Olav Kviteskald, nevøen til Snorre Sturlason.
Av Magnar Brandseth,
Schrödingers katt torsdag 22. november kl. 19.30