Hopp til innhold

Millionar av skogbrannar sett frå rommet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

NASA frigir satellittdata som samanfattar ni år med vegetasjonsbrannar verda over i ein video. Satellittdata kan bli viktig verkty for å sløkkje brannar.

Observasjonar av skogbrannar frå rommet sidan 2002 frå rommet har gjort det mogleg for NASA å lage ei videovisualisering av korleis brannane spreier seg og herjar over jordoverflata i løpet av ni år fram til i dag.

Terra og Aqua

Det er dei to NASA-satellittane Terra og Aqua som vart skotne opp i 1999 og i 2002 som har gjort det mogleg å fange opp desse brannane. Satellittane er utstyrt med instrument som er bygd nettopp for å oppdage brannar.

Brennande karbonpartiklar i eld sender ut lys med ei bølgjelengd på 3,8 til 4 mikrometer. MODIS-instrumenta (MODerate Resolution Imaging Spectroradiometer) om bord i satellittane er designa for å fange opp lys med nettopp denne bølgjelengda.

Informasjonen frå dei to satellittane gir forskarane verkty for å studere skogbrannar verda over.

– Dette er ikkje berre visuelt spennande, men det du ser her er ein svært god representasjon av data som vi forskarar nyttar for å forstå den globale fordelinga av brannar, og bestemme kvar og på kva måte brannane blir påverka av klimaendringar og vekst i populasjon, seier Chris Justice frå University of Maryland i ei melding frå NASA.

Justice leiar NASAs arbeid med å nytte MODIS-data på skogbrannar.

Afrika er skogbrannkontinentet

Videoen over viser at det verkeleg store skogbrann-kontinentet er Afrika. Store belte av skogbrannar bølgjer over kontinentet nesten året rundt.

MODIS-observasjonar viser at om lag 70 prosent av alle skogbrannar i verda skjer på dette kontinentet.

I ein gjennomsnittleg skogbrannsesong frå juli til september 2006 ser vi at brannane startar ved enorme utbrot av savannebrannar i sentrale Afrika.

Desse brannane er drivne hovudsakleg av jordbruksaktivetatar, men dei blir også starta av lynnedslag.

Mot slutten av sesongen har brannane flytta seg nordover på kontinent, til vegetasjonen nær Saharaørkenen.

Skogbrannar Afrika 2006

Biletet viser skogbrannar som herjer i sentrale deler av Afrika i juli 2006.

Foto: NASA Goddard
Skogbrannar i Afrika desember 2006

Seks månader seinare, i desember 2006, har skogbrannane flytta seg lenger nordover på kontinentet.

Foto: NASA Goddard

Kjempe mot skogbrannar

Med nær sanntidsinformasjon om skogbrannar har NASAs skogbrannovervaking ført til utvikling av eit raskt respons-system til bruk for blant anna å kjempe mot skogbrannar.

Ein ny satellitt blir skoten opp denne månaden som skal utvide NASAs evne til å overvake brannar globalt. Dette er National Polar-orbiting Operational Environmental Salellite System Preparatory Project.

Satellitten vil ha som føremål å samle data for å auke vår forståing av langtids klimaendringar og forbetre vêrmeldingar.