Kort tid etter avdukinga i august oppdaga bygdefolket at pila lengst til høgre vibrerte - uavhengig av vind og ver elles.
- Dette var utilsikta, og eg har inga forklaring på kva det er som gjer at den eine pila vibrerer, seier Roger Wagland.
Mekanisk kraft
Fysikkprofessor Svein Sigmond ved NTNU i Trondheim trur neppe det er elektrisitet eller magnetfelt som gjer at pila dirrar, slik nokre har hevda.
-Truleg er dette ei mekanisk kraft som går i akkurat same tempo som resonansen eller pilmatrialet si eiga svinging. Fordi pilene har litt ulik lengde eller vekt i toppen, har dei også litt ulik resonans. Dermed er det berre den ein pila krafta slår ut på, seier Sigmond.
Slik svingingar i grunnen kan gå over store avstandar og han oppmodar bygdefolket om å prøve å tenke etter - om dei kjenner til tunge mekaniske krefter i nærleiken som arbeider i same tempo som den eine pilspissen svingar i. Sjølv held Sigmond ein liten knapp på eit par stempelkompressorar i eit fryseri omlag 700 meter unna.
Av Gry Molvær,
Schrödingers katt torsdag 29. november kl. 19.30