NRK Meny
Normal

Fann 5400 år gammal steinalderpil i snøfonn

Eldste funn frå snøfonn i Skandinavia overraskar forskarane. – Vi har aldri sett 5000 år gamle ting smelte fram frå isen før, seier NTNU-arkeolog.

Ein dag seint i august 2011 vendte Tord Bretten og søstera Line B. Aukrust tilbake frå ein særs vellukka jakt-tur på Dovrefjell. Saman med ein reinsbukk, bar dei også med seg tre piler og to bogeskaft som var smelta fram frå breen.

Ei av pilene viste seg å stamme frå ei reinsdyrjakt for 5400 år sidan, og er det til no eldste arkeologiske funnet frå ei snøfonn i Skandinavia.

Denne pila og ei litt yngre pil som er datert til å vere 5200 år gammal, er nokre av snøfonn-funna som nyleg er publisert i tidsskriftet Antiquity av arkeolog Martin Callanan ved NTNU.

–Aldri sett før

Arkeolog Martin Callanan ved NTNU Vitenskapsmuseet

-Eit vakkert stykke arbeid, ei av dei flottaste pilene vi har, seier arkeolog Martin Callanan om den 5400 år gamle steinalderpila som vart funne på Storbreen i 2011.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Funn av pilespissar, pileskaft, bogefragment og andre reiskap er kjent frå snøfonner i Oppdalsområdet. Men det er først dei siste åra at ein har begynt å finne ting som går heilt tilbake til steinalderen.

–Tinga vi finn er i ein frosentilstand, og vi trur at isen må ha vore der, om ikkje permanent, så mesteparten av tida for at gjenstandar som trebitar og skinn som vi finn skal vere bevarte, seier arkeolog Martin Callanan til NRK.no.

–Her er ting som er 5000 år gammalt som kjem ut, vi har aldri sett dette før.

–Dette kan tyde på at det ikkje har vore same mengde smelting dei siste 5000 år, seier han. Det er noko nytt på gang.

Ei hypotese er at klimaendringar ligg bak denne smeltinga, utan at ein kan slå dette fast enno.

Callanan fortel at det også er andre teikn på Dovrefjell og i Snøhetta-området på at det er storskalaendringar på gang som at permafrosten blir grunnare og at plantar begynner å krype lengre opp.

Oppbevaringsboks

Mens trevirke vanlegvis rotnar bort og forsvinn ute i naturen, kan det under enkelte heldige omstende bli bevart for ettertida. Ei snøfonn er ein slik stad.

Mens isbrear er store ismassar som flyttar på seg opptil fleire titals meter per år, er snøfonner mindre ismengder som ligg stort sett i ro. Dette gir større sjanse for å kunne finne intakte reiskap som smeltar ut av isen i snøfonner under varmare forhold.

Når våre forfedre har vore på reinsdyrjakt på fjellet, kan bomskot med piler eller øydelagde reiskap ha blitt borte i snøen, som så har fungert som ein perfekt oppbevaringsboks.

For berre nokre år tilbake trudde arkeologar at dei eldste gjenstandane ein kunne finne i snøfonnene var kanskje 2000 år gammalt. Men rundt 2006 begynte dei å finne eldre ting, noko som tyder på at isen har stått der svært mykje lenger enn ein har trudd var mogleg.

Glasiologar har begynt å ta kjerneprøver frå snøfonner i Noreg og andre stader i verda, og det viser seg at dei kan vere svært mykje eldre enn ein har trudd.

2011 rekordår

NTNU Vitskapsmuseet har lang tradisjon for funn i snøfonner. Saman med arkeologi-opplærte lokalfolk som Tord Bretten har NTNU Vitenskapsmuseet tatt i mot arkeologiske funn i snøen sidan 1914.

Men dei siste ti åra har talet på funn nærast eksplodert, med året 2011 som rekordåret der ein gjorde heile 42 funn i løpet av ein sesong.

–Eit så stort funn er nok til ein heil generasjon, og vi fekk alt i løpet av ein sesong, seier Callanan.

–Kvar og ein av desse funna er svært verdifull for oss, seier Callanan.

Og no har NTNU Vitenskapsmuseet heile 250 slike klenodium i samlinga si. Av desse er heile 148 funne sidan 2003.

Årets sesong har nettopp starta, og allereie er det gjort 7 funn.

Tord Bretten med 5400 år gammal pil funne på Storbreen

Fjelloppsynsmann Tord Bretten har gjort mange funn i snøfonner i Oppdal, men den eldste er denne 5400 år gamle steinalderpila.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

– Som å få eit slag i magen

Denne siste fredagen i august er Tord Bretten innom museet med sitt første funn denne sesongen, ein pilspiss av bein. Martin Callanan og kollegaer samlar seg rundt beinbiten som ligg på eit underlag av papir i ein liten metallboks. Spørsmålet er om tilverkingsmåten kan røpe kor gammal beinspissen er, og kva dyr som er brukt.

Bretten fekk interesse for funna i snøfonnene på Oppdal då han var 17 år og las ei arkeologisk avhandling om dette. Etter det tok det 17 år før han sjølv gjorde sitt først funn.

–Det er som å få eit slag i magen, seier han om kjensla av å finne arkeologiske skattar i snøen. – Det er heilt fantastisk.

– Har vi eitt eller 50 år på oss?

–Dersom ein finn fleire reiskap som er like gamle er det eit enormt potensial til å få meir innsikt i korleis folk levde i dette området for 5000 år sidan, ifølgje Callanan.

NTNU Vitenskapsmuseet leiar eit nasjonalt forskingsprosjekt som er eit samarbeid med dateringsekspertar, glasiologar og ekspertar på forvitring av tre på mikronivå for å få meir kunnskap om snøfonnene og gjenstandane i dei.

–Vi håpar at kunnskapen som kjem ut av prosjektet vil hjelpe oss å planlegge korleis funn frå landets smeltande snøfonner kan bli tatt vare på i framtida, seier Callanan.

–Vi må vite om vi har ei veke eller 50 år på oss til å redde desse gjenstandane.