NRK Meny
Normal

Skal lage skjold mot asteroidar

Nytt internasjonalt prosjekt skal finne dei beste metodane for å hindre asteroide- og kometkollisjonar med jorda.

Impactor-fartyet Hidalgo

Å dytte asteroiden ut av kollisjonsbanen er ein aktuell metode for å verne oss mot kollisjonar med gjenstandar frå rommet.

Foto: ESA - AOES Medialab

Skal vi dytte dei, trekkje dei bort eller sprengje dei i fillebitar? Dette er diskusjonen når internasjonale ekspertar skal byggje eit skjold mot asteroidar og kometar.

NEOShield er eit nytt internasjonalt prosjekt som vil vurdere trusselen frå asteroidar og kometar nær jorda, og sjå på dei beste metodane for å verne jorda mot kollisjonar.

Prosjektet blir leia av det tyske Institute of Planetary Research i Berlin, men vil nytte ekspertar frå Europa, Russland og USA. Gruppa hadde sistt første møte førre veke, skriv BBC.

Noreg er også involvert i prosjektet gjennom programmet Space Situational Awareness (SSA) der både skumle asteroidar og romvêr er tema.

Dytte eller trekkje

Fleire metodar kan vere aktuelle for å hindre eller dempe ein kollisjon med jorda.

Ein av metodane kan gå ut på å gi asteroiden eit dytt med ein såkalla impactor. Dette er eit romfarty som kolliderer med asteroiden eller kometen og gir denne ein dytt.

Dette har vi alt klart å gjennomføre då NASAs Deep Impact Mission-sonde kolliderte med kometen 9P/Tempel i 2005.

Å nytte tyngdekrafta som trekkvogn kan vere eit anna alternativ.

Dersom vi kan plassere eit romfarty med lengelevande motorar i nærleiken av asteroiden eller kometen, kan vi nytte tyngdekraftas tiltrekking mellom fartyet og asteroiden til å trekkje asteroiden bort frå kollisjonskurs med jorda.

– Eg trur det enklaste nok kan vere å lande på asteroiden, og derifrå skyve den litt ut av kurs over mange år. Vi har alt treft ein komet, og vore nær asteroidar. Så vi veit vi kan klare dette, seier Pål Brekkei Norsk Romsenter til NRK.no.

Brekke meiner det er ein stor utfordring med tyngdekraftmetoden, då dette krev at motorane til sonden fungerer over veldig lang tid.

Tyngdekraft-trekkvogn

Illustrasjon av eit romfarty som trekkjer ein asteroide ut av kollisjonsbane med jorda.

Foto: NASA

Solsegl eller atomvåpen

Ein annan idé er å sende opp romsondar med store spegel eller solsegl som skal fly nær asteroiden. Tanken her er at spegelen eller seglet vil reflektere sollyset og varme opp den eine sida av asteroiden.

– Sprayen av materiale frå asteroiden som oppstår frå varmen vil dytte asteroiden ut i en ny bane, fortel Pål Brekke.

Men kva med Bruce Willis-metoden med rett og slett å sprengje heile asteroiden i fillebitar med atomvåpen slik som blir gjort i filmen Armageddon?

Pål Brekke er ikkje ein fan av denne metoden:

– Eksplosjonen frå ein kjernefysisk reaksjon nær asteroiden kan også gjere jobben. Men skura av asteroidebitar som oppstår kan vere meir ubereknelege og farlege enn sjølve asteroiden.

Tid er likevel det aller viktigaste for å kunne hindre kollisjonar med jorda:

– Aller helst bør vi oppdage asteroiden minst ti år før den treff oss, slik at vi har tid til å utvikle og sende ut romsondar som kan gjere noko med saka, seier Brekke.