Hopp til innhold

Skal kartleggje kreftgenar hos 4000 nordmenn

Noreg ligg an til å bli første land i verda med ei genkartleggjing av alle kreftpasientar. Dette kan føre til betre behandling og lengre liv for mange kreftpasientar.

Kreft sett gjennom mikroskopet.

Norske forskarar vil kartleggje genane i alle norske kreftsvulstar. Biletet viser kreftvev gjennom mikroskop.

Foto: Thomas Deerinck, National Center for Microscopy and Imaging Research, USA/ Nikon Small World

Kvart år blir 25000 nordmenn diagnostisert med kreft. Om få år kan alle desse få tilbod om ei genkartlegging.

Dette kan føre til ei betre behandling og eit lenger liv for fleire kreftpasientar, særleg dei med kreftformer der det i dag er få behandlingar å tilby.

I første omgang vil forskarane i det norske pilotprosjektet Norsk kreftgenomikkonsortium (NCGC) kartleggje genar i kreftsvulstar hos 4000 nordmenn for å tråle etter om lag tusen kjende genfeilar som ofte skjer i kreftceller.

Unikt prosjekt

Ola Myklebost

Ola Myklebost.

Foto: Oslo Universitetssykehus

Fleire andre land, blant anna Storbritannia, har tatt initiativ til liknande prosjekt, men Noreg ligg svært godt an til å bli det første landet som tilbyr dette som ein del av det offentlege helsetilbodet.

– Noreg er eit unikt land, vi har eit veldig strukturert helsevesen, og vi har Kreftregisteret. Dette er eit heilt unikt prosjekt som er lagt opp nasjonalt heilt frå starten, seier leiar av Norsk kreftgenomikkonsortium, Ola Myklebost til NRK.no.

Samtidig tar også det norske prosjektet i bruk den nyaste teknologien innan DNA-sekvensering med såkalla DNA-mikromatriser som gjer det mogleg å utføre sekvensere enormt mange molekyl parallelt.

Genetisk klassifisering av kreft

Ei av målsetjingane bak prosjektet er å klassifisere kreftformer etter kva mutasjon, eller genfeil som har skjedd, og finne ut om medisinar som er brukt for ei kreftform, kan vere effektiv også for andre krefttypar.

– Klassisk blir kreftformer klassifisert etter utsjånad på vevet i kreftsvulsten. Men som biologar har vi lært dei siste tiåra at svulstar kan sjå ganske like ut, men vere heilt ulike etter kva reguleringsmekanismar som er øydelagt, fortel Myklebost.

Tanken er altså at om du har brystkreft eller lungekreft kan det vere den same mutasjonen eller genfeilen som har skjedd i cellene, og difor kan det vere fornuftig å nytte den same medisinen på dei to kreftformene.

Myklebost fortel at dette ikkje er heilt ukontroversielt blant behandlande legar. Den vanlege måten å gjere dette på er å prøve ut ein medisin på ei gruppe med ein spesiell kreftform før den blir godkjent.

– Men behandlande legar vil i alle fall få informasjon om dette for sine pasientar i løpet av pilotprosjektet, og vil då kunne vurdere om dei ønskjer å ta i bruk informasjonen, fortel Myklebost.

Nyttig for hyppige kreftformer

Denne kartlegginga vil vere mest nyttig for hyppige kreftformer der det er eit stort behov for alternative behandlingsformer, slik som lungekreft som kvart år rammar over to tusen nordmenn og der det er svært få behandlingar å tilby.

– Men også for meir sjeldne kreftformer kan denne genetiske kartlegginga vere nyttig. Fordi det er liten kommersiell interesse for å utvikle medisinar, er det då viktig å kunne nytte dei som alt er utvikla for meir vanlege krefttypar, seier Myklebost.

Leonardo Meza-Zepeda og Eivind Hovig

Forskarane Leonardo Meza-Zepeda og Eivind Hovig studerer resultat frå lungekreftprøve. DNA-sekvenseringsmaskina i bakgrunnen.

Foto: Oslo Universitetssykehus

Rask utvikling og fallande prisar

– Utviklinga innan dette området går rivande fort, fortel Myklebost. Vi kan no sekvensere heile det menneskelege genomet på nokre dagar, medan det tok ti år og hadde enorme kostnader første gongen ein gjorde dette.

I takt med den teknologiske utviklinga fell også prisane.

– Vi baserer oss i dag på ein pris på 5000 per person, men om to år kostar det kanskje berre ein brøkdel av dette igjen. Dette er ikkje så mykje i forhold til for eksempel ei MR-undersøking, seier Myklebost.

Kreftbehandlingane det er snakk om er derimot svært kostbare, og difor har prosjektet ein eigen helseøkonom vil sjå på kostnadene ved å tilby behandlingsfomar til nye pasientgrupper.

Skal kartleggje 1,5 % av arvestoffet

I løpet av prosjektperioden ønskjer forskarane å ikkje berre sjå på dei genane dei allereie no veit ofte er mutert i kreft, dei ønskjer også å inkludere ein mykje større del av arvestoffet.

Det er snakk om heile det menneskelege eksonet, den delen av det DNA-et vårt som kodar for protein, og som utgjer i storleiksorden 50 millionar basepar.

Forskarane trur nemleg at også denne informasjonen kan bli svært nyttig i framtida.

– Ingen veit kva som er behandlingsval i framtida, og vi kan då samle inn data for alle moglegeheiter på førehand slik at viss ei ny målretta behandling dukkar opp kan vi raskt sjå kor hyppig mutasjonen er i ulike krefttypar her til lands, seier Myklebost.