Hopp til innhold

Sjøløve held rytmen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sjøløva Ronan har lært å bevege seg i takt med musikken, noko som fram til no berre er sett hos menneske og fuglar.

Ei ny danseløve er på dansegolvet, i form av sjøløva Ronan. Selen har lært å bevege kroppen i takt med musikk, og resultatet ristar grunnen under forskarane og utfordrar den leiande teorien om korleis rytmesans oppstår.

Mens ein tidlegare trudde at musikalitet og rytme var eineståande menneskeleg, kan det i staden vere at dette utgjer eit grunnlag som vi deler med dyr, trur forskarar ved University of California, Santa Cruz.

Kjent hos papegøyar

Forskaren Peter Cook trena sjøløva Ronan til å bevege hovudet etter musikken. Etter ei tids trening kunne ho også halde rytmen til musikk ho ikkje hadde høyrt før.

Sjøløva har også fått seg ei favorittlåt, «Boogie Wonderland» av Earth Wind & Fire, som er musikken ho "dansar til" i videoen.

Bortsett frå hos menneske, er denne evna til å bevege seg etter rytme berre kjent hos fuglar som papegøyar og kakaduer, som for eksempel den dansande kakaduen Snowball.

Kakaduen Snowball

Rytmesans hos dyr er frå før også kjent hos papegøyar, her representert ved kakaduen Snowball dansar til Back Street Boys.

Foto: YouTube

– Problem for rådande teori

Fram til no har den leiande teorien vore at det berre er artar som har evne til kompleks vokal læring som kan lære seg å halde rytme.

Ideen er at evne til å halde rytme er ein heldig bieffekt av å vere god til å herme lydar, ved at dyra må kunne matche innkommande lydsignal med lydar dei sjølv sender ut.

Ifølgje Cook og kollega Margaret Wilson passar sjøløva Ronan ikkje inn i dette biletet. Sjøløver har ikkje eit stort stemmeregister, og dei er ikkje kjent for å kunne herme etter lydar. Likevel har Ronan blitt svært flink til å halde rytmen.

– Ronans suksess utgjer eit problem for teorien om at evne til å herme lydar er nødvendig for å kunne trenast til å bevege seg i rytme, seier Cook i ei pressemelding frå University of California, Santa Cruz.

Doktorgradstudent Peter Cook med sjøløva Ronan

Doktorgradsstudent Peter Cook med sjøløva Ronan.

Foto: C. Reichmuth, University of California Santa, Cruz

Smart og lærevillig

I starten var rytmestudien eit sideprosjekt for Cook som vanlegvis studerte effekten av nevrotoksin frå algeoppblomstringar hos selar. Ronan fungerte her som ein frisk kontrollsel.

Men doktorgradsstudenten Cook oppdaga snart at Ronan var ei særskilt smart og lærevillig sjøløve. Inspirert av videoane av fuglar med rytme bestemte han seg for å prøve å lære sjøløva å halde rytmen til musikk.

– Gitt hennar suksess med å halde takten med nye rytmar og songar etter hennar første treningar, kan det tenkast rytme ikkje er så vanskeleg for henne. Ho måtte berre lære kva det var vi ville at ho skulle gjere, seier Cook.

– Når folk tidlegare har gått ut frå at dyr ikkje har evne til å rytme, kan det rett og slett skuldast at ein ikkje har sett etter, trur Cook.

Etter kvart som forskarane byrjar å sjå etter rytmesans hos fleire artar, kan vi menneske komme til å få selskap av fleire enn selar og papegøyar på dansegolvet.