Hopp til innhold

Trekkfuglar danna gigantfugl på himmelen

Flaks og dugleik gjorde at fotografane fekk eit blinkskot av dei sjeldne.

Stor flokk med stær danner en formasjon som ser ut som EN fugl.

KVA SER DU?: Ein stor eller mange små?

Foto: ©INPHO/James Crombie

«Fuglene flyver i flokk, når de er mange nok» heiter det i songen «Svantes lykkelige dag.»

Det er i alle fall ikkje tvil om at starane som vart fanga på kamera tidlegare denne månaden var mange nok til å flyge i flokk. Og for ein flokk.

Fotografane James Crombie og Colin Hogg fekk fanga den vesle augneblinken skya av fuglar forma seg til ein gigantisk fugl over innsjøen Lough Ennell i Irland, både på stillbilde og levande bilde.

Titusenvis av fuglar i formasjon som éin gigantisk fugl.

Titusenvis av fuglar i formasjon som éin gigantisk fugl. Video: Colin Hogg via Storyful.

Til avisa Irish Mirror seier Hogg at det ikkje var tilfeldig at dei fekk bileta. Dei har jakta på denne moglegheita i fleire månader.

– Vi har brukt drone for å finne ut nøyaktig kor dei samla seg på kveldane.

Når både fuglar og verforhold passa, var fotografane klare.

– Vi filma i nesten 15 minutt før det hendte. Det var mindre flokkar over andre deler av innsjøen som plutseleg samla seg. Det må ha vore ein eller annan rovfugl som skremte fuglane da dei laga denne unike forma.

– Dette er stilige bilete. Det seier Martin Eggen, naturvernrådgivar i Norsk Ornitologisk Forening.

Martin Eggen

ØKT INTERESSE: Martin Eggen i Norsk Ornitologisk Forening trur interessa for fuglar og fugleliv vil auke i tida som kjem.

Foto: Jon Olav Larsen

– Flokken er betydeleg større enn ein flokk eg så på Jæren for nokre år sidan, som vi estimerte til 25.000-30.000 fuglar.

Luftakrobat snart attende

Både gauk og sisik, trost og star kjem no tilbake.

Starane som lagar dei fantastiske bølgande rørslene med luftakrobatikken sin i Irland, held kanskje på å samle seg før avreise til Noreg. Det er eit sikkert vårteikn.

– Staren er ein spesielt flink flygar. Han er kompakt og flyg med raske vengjeslag. Sjølv om mange fuglar flyg i flokk, flyg ikkje alle like tett, seier Martin Eggen.

Hannfuglane er dei første som kjem tilbake frå vinteropphaldet lengre sør på kontinentet. Dei sit snart og syng for å lokke til seg hoer. Staren er ein sosial fugl også i hekketida, og fleire par kan hekke tett saman.

– Allereie ein månad etter egglegginga er ungane ute av reiret. Då flokkar gjerne ungfuglane seg saman.

Svart sol

I Danmark kallast dette fenomenet «Svart sol» og er ein turistattraksjon. Det er ikkje uvanleg med flokkar på fleire hundre tusen fuglar.

Stær

GOD FLYGAR: Mange hundre tusen kan flyge tett på kvarandre utan å kollidere.

Foto: Martin Eggen / Norsk Ornitologisk Forening

– Starane fungerer nesten som ein organisme i lufta. Dei gjer dette for å unngå predatorar, rovfugl som hønsehauk, sporvehauk og vandrefalk. Korleis dei får det til er det forska på. Eit italiensk studie har funne ut at kvar fugl reagerer på dei seks–sju næraste naboane i lufta, og at rørslene forplantar seg utover.

Ifølgje Martin Eggen er det særleg på Lista i Agder og på Jæren i Rogaland sjansen er størst for å få sjå dette fenomenet med eigne auge i Noreg. Han trur interessa for denne typen naturfenomen vil auke.

– Stalltipset mitt er at friluftsliv og naturopplevingar i framtida i endå større grad vil dreie seg om å sjå, studere og forstå fantastiske fenomen som fugletrekk og opplevingar ein kan ha ved våtmarker, der mange fuglar samlar seg.

Sjansen for å sjå ein tilsvarande formasjon av fuglar som den i Irland, er det nok lenge til nokon ser igjen.