Hopp til innhold

Sjå romstasjonen sveve over deg!

I desse dagar er den Internasjonale romstasjonen synleg frå store delar av Sør-Norge. Sjekk om du kan sjå den frå din heimstad!

Den internasjonale romstasjonen (ISS)
Foto: NASA / AFP

Den Internasjonale Romstasjonen går i bane nær jorda, i ei høgde på cirka 350 kilometer. Sett frå jorda, kryssar romstasjonen himmelen frå vest til aust.

Slik ser romstasjonen ut frå jorda

Mange menneske har som hobby å speide kvar kveld mot sør for å sjå romstasjonen sveve lågt i horisonten. Med teleskop kan ein sjå fine detaljar på romstasjonen, slik som som solpanela, og dei ulike modulane. Sjå dei fantastiske opptaka som tyske Dirk Ewers har tatt gjennom sitt 12cm teleskop:

Spektakulær amatørvideo av romstasjonen

Undersøk om ISS kan sjåast frå din heimstad

I mai svever den internasjonale romstasjonen over Sør-Norge, og det kan vere at den er synleg frå der du bur.

Finn ut om ISS er synleg frå din heimstad

(Merk at di lågare magnitude, "Mag" i tabellen, di tydelegare er

romstasjonen.) Her kan du sjå passeringar som er synleg frå Oslo

Syklonen Nargis sett frå ISS

Syklonen Nargis sett frå ISS

Den tropiske syklonen Nargis slik den såg ut frå den internasjonale romstasjonen

Foto: NASA

ISS er til ei kvar tid bemanna med eit internasjonalt team av astronautar. Dei har ei unik utsikt over jordkloden frå romstasjonen. Dagens team, som er det syttande arbeidslaget på ISS, hadde orkesterplass til syklonen Nargis som gjorde enorme skader i Burma i byrjinga av mai.