Sjå opp for helgas supermåne

Søndag blir himmelen lyst opp av årets største fullmåne, når månen er 30.000 kilometer nærare enn vanleg.

2012-supermåne i St. Petersburg

Fjorårets superstore fullmåne sett frå St. Petersburg. I helga kan du vere heldig og sjå fenomenet igjen.

Foto: Dmitry Lovetsky / NTB Scanpix

Dersom skyene ikkje sperrer for utsikta, vil du kunne sjå årets største og mest lyssterke fullmåne søndag 23. juni.

Fenomenet blir kalla supermåne, og er eit samanfall mellom fullmåne, og at månen er på det punktet i banen sin der han er aller nærast jorda.

– Fullmånen vil søndag vere 14 prosent breiare og 30 prosent meir lyssterk enn dei minste fullmånane, fortel astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til NRK.no.

K. J. R. Ødegaard

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Foto: Studio Vest

– 30 000 kilometer nærare

Månens bane om jorda er elliptisk (litt avlang), slik at avstanden ikkje er den sama heile tida men varierer frå cirka 356.000 kilometer på det næraste og cirka 406 000 kilometer når han er lengst unna.

– Under fullmånen søndag er avstanden berre 356.991 kilometer, mens gjennomsnittsavstanden er 384.400 kilometer, så helgas fullmåne er om lag 30.000 kilometer nærare enn gjennomsnittleg, fortel astrofysikaren.

– Det er den næraste fullmånen i år, og vi må vente til 10. august 2014 for at fullmånen skal vere endå bitte litt nærare jorda, seier Røed Ødegaard.

Då blir han 5 kilometer nærare, noko som er lite når vi snakkar om slike avstandar.

Helgas supermåne vil sjå endå meir spektakulær ut når månen står opp og går ned.

Når månen står lågt på himmelen og titter over hustak og åskammar blir hjernen vår nemleg lurt til å tru at månen er større enn han faktisk er, eit optisk bedrag som blir kalla måneillusjonen.

Supermåne 2011

Denne montasjen viser skilnaden i storleik mellom ein 'vanleg' måne frå 20. desember 2010 med supermånen 19. mars 2011.

Foto: Marcoaliaslama, Wikimedia commons

Springflo

Når månen er nærare jorda trekkjer månens tyngdekraft også litt ekstra på verdshava.

Men det utgjer ikkje så mykje i forhold til helgas springflo, ifølgje Knut Jørgen Røed Ødegaard.

To gongar i månaden, under nymåne og fullmåne, står sola, jorda og månen på linje. Då blir solas tyngdekraft lagt til månens, slik at jordas hav bular meir enn vanleg.

– Det at fullmånen er så stor legg til eit par centimeter dei fleste stadar, og på stader med ekstra stor variasjon i tidvatnet kanskje opptil 15 centimeter, fortel Røed Ødegaard.

Mange frykter døden, og noen mener det snart er mulig å unngå den. Forskere jobber på spreng for å finne en kur mot aldring. I mellomtiden gjør folk ekstreme ting for å redde seg selv, noen går så langt at de fryser seg ned i håp om et nytt liv. Programleder er Solveig Hareide. (1:5)
Roboter og kunstig intelligens vil med stor sannsynlighet overta jobben din i løpet av de nærmeste tiårene. Men hva så? Trenger vi egentlig å jobbe hvis maskinene gjør arbeidet bedre og raskere enn oss? (4:4)
Vi elsker skjermene våre. De får oppmerksomhet selv når vi skal dele gode stunder med våre nærmeste. Det kan skape problemer for barnas utvikling, men dersom fremtidens teknologi i stedet spiller på lag med menneskets kropp og hode finnes det håp. (3:4)