NRK Meny
Normal

Sjå London under vatn

London portrettert under 6 meter vatn, og Oslo kan bli neste. –Vi vil få folk til å tenkje på korleis klimaendringar kan verke inn på livet deira, seier Didier Madoc-Jones til NRK.no.

I kunstprosjektet Postcards from the future har kunstnarane og illustratørane Didier Madoc-Jones og Robert Graves prøvd å sjå for seg korleis klimaendringar kan påverke London.

–Vi vil få folk til å tenkje på korleis klimaendringar kan verke inn på livet deira, seier Didier Madoc-Jones til NRK.no.

Prosjektet som starta i 2008, var ein reaksjon på G8-møtet i Japan i 2008 der temaet var klimaendringar.

Kunstnarane Madoc-Jones og Graves sakna den gongen bilete som kunne synleggjere kva for følgjer klimaendringane kunne gi.

Dei lagde den gongen åtte bilete som vart publisert samtidig med G8-møtet.

Sidan har kunstnarane og illustratørane utvida prosjektet til 16 bilete. 14 av bileta er i desse dagar utstilt på London Museum, der dei blir å sjå fram til 6 mars 2011.

Slum

Fotomontasjane til kunstnarane viser kjende motiv frå den engelske hovudstaden, som Buckingham Palace,Tower Bridge, og kontorbygningen "Gherkin" (agurken) i Londons businesstrøk the City.

Men på kunstnarane sine postkort frå framtida er omgivnadene rundt desse monumenta forandra på ein ofte urovekkande måte.

Postcards from the future

Slumby omkring Buckingham Palace.

Foto: Robert Graves og Didier Madoc-Jones

Klimaflyktningar som har komme frå ekvatoriale strøk til det kjøligare Europa, set sitt preg på hovudstaden i biletmontasjane som har tatt opptil 2 månader å lage.

I Madoc-Jones og Graves sine framtidsbilete har det vakse opp slumstrøk fleire stader i byen, blant anna på Trafalgar Square, men også omkring kongefamiliens bustad Buckingham Palace.

Medan dei fleste Londonarar har flykta frå byen, er den engelske kongefamilien late i stikken og fullstendig omringa av slumboarar.

Skøyteis på Themsen

Postcards from the future

London slik byen vil sjå ut dersom vasstanden aukar med 6 meter.

Foto: Robert Graves og Didier Madoc-Jones

På grunn av auka havnivå som følgje av klimaendringar blir hovudstaden overflauma med jamne mellomrom i ein av kunstnarane sine framtidsvisjonar.

Postcards from the future

Golfstraumen har dabba av og londonarar kan gå på skøyter på Themsen. Tower Bridge er eit populært utfartsmål.

Foto: Robert Graves og Didier Madoc-Jones

I eit anna scenario har golfstraumen dabba av, og London opplever midlertidig eit mykje kaldare klima.

Innbyggjarane i London kan då stå på skøyter på Themsen, og dra på utflukt til Tower Bridge.

Draumeland

–Bileta skal ikkje vere frå eit konkret år i framtida, men føregår i eit slags tidlaust draumeland, fortel Madoc-Jones.

Postcards from the Future

Dyrkbar jord er knapp, og Londons parkar har blitt omgjort til landbruksjord. Her ser vi Hyde Park Hilton omgitt av palmar i ein palmeoljeplantasje.

Foto: Robert Graves og Didier Madoc-Jones

Kunstnarane vil ikkje vise berre skremselsbilete, men har også laga montasjar som viser korleis londonarar tilpassar seg nye utfordringar og eit nytt klima.

I postkorta frå framtids-London har blant anna Hyde park blitt omgjort til palmeoljeplantasje.

Oslo neste by ut?

Kunstnarane bak Postcards from the future har opplevd stor respons i England på prosjektet sitt.

Blant anna har prosjektet blitt omtalt over to sider i den engelske avisa The Sun, ei avis som vanlegvis ikkje er særleg interessert i klimaproblematikk, fortel Madoc-Jones.

No ønskjer kunstnarane å ta prosjektet til andre stader, og er difor på jakt etter samarbeidspartnarar i andre land.

–Vi vil gjerne lage Postcards from the future Oslo, seier Madoc-Jones.