Hopp til innhold

SIM-kort skal beskytte barn mot mobilmobbing

Ei britisk mobilteneste gjer det mogleg for foreldre å styre barnas mobil via pc. – Dette vil berre bli brukt av overhysteriske foreldre, seier norsk forskar.

Jenter med smarttelefon

Britiske foreldre får no moglegheit til å stenge av barnas mobil til enkelte tider av døgnet via eit spesielt SIM-kort.

Foto: Colourbox

Mobilselskapet Bemilo i Storbritannia tilbyr foreldre eit SIM-kort som gjer at foreldra kan hindre barna sine i å gå på nett, sende tekstmeldingar eller ringe til visse tidspunkt, skriv BBC.

Med SIM-kortet blir det mogleg for foreldra å fjernstyre barnets tilgang til mobilen via ein pc.

– Foreldra kan hindre enkelte kontaktar å ringe barna, og dei kan bestemme kva tider på dagen telefonen skal verke, seier Simon Goff i Bemilo.

Det britiske Family and Parenting Institute er positive til løysinga og seier til BBC at SIM-kortet kan medverke til å verne barn mot mobbing over mobiltelefonen.

– Overhysteriske foreldre

– Dette vil berre bli brukt av overhysteriske foreldre, seier forskar Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF.

– Dette er ein kommersiell marknad som tar heilt av. Ein ser berre fleire og fleire døme på løysingar for å kontrollere og overvake, seier Brandtzæg.

Han nemner blant anna den norskutvikla mobilapplikasjonen Bipper Kids som gjer det mogleg for foreldre å overvake det barna gjer på mobilen.

– Du kan ikkje løyse dei teknologiske utfordringane med å installere SIM-kort eller applikasjonar. Foreldre må stole på barna sine og snakke med dei. Slike tenester kan i verste fall gi ei falsk tryggleik for foreldre, seier Brandtzæg.

– Med slike løysingar kan ein kanskje kontrollere kva ungane gjer på mobilen, men nettet er tilgjengeleg over alt. Mobbarar vil få tak i dei, via mail eller eit anna forum på nettet. Det er veldig naivt å tru at ein greier å løyse denne utfordringa ved å installere eit SIM-kort.

– Treng støtte og kontroll

Kaja Hegg, rågjevar i nettvett i Redd Barna, trur at mange foreldre ønskjer å regulere nettilgangen til barna sine.

– Barn og unge veks opp under stadig meir press frå utanomverda via teknologi, og det er i utgangspunktet positivt at bransjen utviklar tekniske løysingar for å styre teknologibruken, seier ho.

I dag har mange barn og unge uavgrensa tilgang til nettet via smarttelefonar.

– Barn er ikkje godt nok rusta til å handtere dette. Dei treng støtte og kontroll for å bruke mobilen trygt, seier Hegg.

– Vegen å gå er likevel å snakke med barna sine. Tillit må vere ein basis, seier ho.

Redd Barna-rådgivaren reagerer også på at den engelske tenesta skal kunne gi foreldre moglegheit til å lese tekstmeldingane sendt av ungane deira.

– Dette er problematisk. Barnet skal ha tilgang til privatliv, seier Hegg.

Satsar på god rettleiing

– Vi har ingen planar om ei liknande teneste, seier kommunikasjonsdirektør i Netcom, Øyvind Vederhus.

Han fortel at Netcom har ei eiga familieside med tips og råd på sine nettsider. Der får foreldre blant anna råd om korleis dei kan sperre tilgang til enkelte nettsider.

Informasjonssjef Anders Krokan fortel at Telenor er oppteken av god rettleiing for foreldre og barn, og at dei ikkje har stor tiltru til denne type kontrolløysingar for mobilbruk.

Selskapet samarbeider blant anna med Røde Kors, Medietilsynet og Barnevakten om kampanjen Bruk Hue, som skal medverke til å kjempe mot digital mobbing.

I tillegg har Telenor blant anna også utvikla eit eige mobbefilter som kan stenge mobbarane ute frå barns mobiltelefonar.

– Vi meiner dermed å ha gode løysingar, seier Krokan.

Krokan seier at Telenor likevel følgjer utviklinga nøye, både når det gjeld barns mobilbruk samt for løysingar som kjem.

Vil du ha større moglegheit til å kontrollere barnas mobilbruk? Bruk kommentarfeltet.