Hopp til innhold

Sikrare på Higgs-funn

Nye resultat gjer forskarane endå meir sikre på at det er Higgspartikkelen som er funne.

LHC (large hadron collider) in its tunnel at CERN

Forskarane rapporterer om større sannsynlegheit for at Higgspartikkelen verkeleg har blitt skapt i partikkelakselaratoren Large Hadron Collider ved CERN.

Foto: MARTIAL TREZZINI / AP

Partikkelfysikarar jubla då funnet av det som mest sannsynleg er den etterlengta partikkelen Higgsbosonet, med tilnamnet gudepartikkelen, vart annonsert 4 juli i år.

No rapporterer eitt av teama som jobber med å jakte på Higgs at dei er svært mykje sikrare på at det verkeleg er Higgs som er funne.

Sannsynlegheit på 1 mot 300 millionar

Forskarane ved partikkeleksperimentet Altas fortel om eit «5,9 sigma» nivå for kor sikkert det er at Higgsbosonet verkeleg eksisterer. Dette skriv BBC.

Sigmatalet seier noko om kor stor sannsynlegheit det er for at eit funn er tilfeldig. I førre omgang fortalde forskarane at dei hadde ein sikkerheit på sigma fem, som svarar til 99,99995 prosent sjanse for at funnet er ekte vare.

Det nye sigmatalet på 5,9 svarar til ein sjanse på 1 mot 300 millionar for at Higgs ikkje eksisterer.

Partikkelkollisjon

I jakta på Higgs krasjar forskarar partiklar mot kvarandre i partikkelakseleratoren LHC (Large Hadron Collider) i CERN.

Om Higgspartikkelen blir danna i den ekstreme kollisjonen, vil bosonet berre eksistere i ein ørliten del av eit sekund før den blir brote ned og blir til nye partiklar eller energi i form av lysglimt som kan bli fanga og telt.

Forskarane ved eksperimentet Atlas har no gjort fleire analysar av nedbrotsprosessar etter kollisjonen, blant anna ein reaksjonsserie der Higgs ender opp som to lettare partiklar kjent som W-boson.

Det er desse analysane som har gjort at Atlas-forskarane kom til det nye sigmatalet på 5,9. Funnet er presentert i ein artikkel som er sendt inn til Physics Letter B. Artikkelen er tilgjengeleg her.

Gjentar sikkerheit

Det andre teamet som jaktar på Higgs, CMS, gjentar deira sikkerheit på 5 sigma i ein annan artikkel som er sendt inn til same tidsskrift der dei også tar med nye data frå kollisjonar ved høgare partikkelenergiar som LHC køyrer i år.

Dei nye funna gir god grunn til å tru at vi verkeleg har funne Higgspartikkelen etter 50 års intens jakt.

Likevel er forskarane forsiktige, og omtalar den nye partikkelen som «Higgsliknande» .

Det er framleis mange uløyste spørsmål som gjenstår å finne svar på, blant anna om Higgs føyer seg inn i standardmodellen som er den mest omfattande fysikkteorien vi per i dag har for partiklar og krefter i naturen.

Sikkert er det i alle fall at partikkelknusarane ved CERN ikkje blir arbeidslause med det første.