NRK Meny
Normal

Set strekkodar på artane

DNA-strekkodane til alle verdas artar skal samlast inn i ein database. – Det er viktig å registrere det biologiske mangfaldet før det forsvinn, seier den norske koordinatoren.

Kamelhalsflue med strekkode

Kamelhalsfluga er blant dei norske artane som står på vent for å få sin DNA-strekkode registrert i ein internasjonal database.

Foto: Torbjørn Ekrem, NTNU Vitskapsmuseet/montasje NRK

Det internasjonale prosjektet The International Barcode of Life project, iBOL (sjå faktaboks), har som mål å samle deler av DNA for alle verdas artar.

I desse dagar tar NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim over stafettpinnen frå Naturhistorisk museum i Oslo som leiarar for den norske delen av prosjektet som går under namnet NorBOL.

Fram til no er DNA-strekkoden (sjå faktaboks) for 1,4 millionar individ frå 120 000 ulike artar lagt inn i databasen. I dag er 1,7 millionar artar kjende på jorda, så det er enno langt igjen før prosjektet er i mål.

Strekkodar

DNA-strekkoding går ut på at ein vel ut ein liten del av det samla arvestoffet frå artar, og at informasjon om dette blir lagt inn i ein database.

– Det er enkelt å skilje mellom hest, hund og katt, men når vi kjem bort i artar som små rundorm og insekt kan desse vere vanskeleg å skilje mellom også for ekspertar. Vi kan då ta i bruk strekkodar for å hjelpe oss med identifisering av arten, fortel Torbjørn Ekrem som er ny nasjonal koordinator for iBOL.

For dyr har forskarane vald ut eit gen som blir kalla CO1. Dette genet finst inne i cellenes energifabrikkar, mitokondriane.

– Dette genet er vald fordi det varierer mykje mellom artane, men er ganske lite variabelt innanfor ein art, fortel Ekrem.

– Viss vi hadde hatt pengar, ressursar og reknekapasiteten som trengst for å nytte heile genomet ville det kanskje vore betre, men sidan vi ikkje har det satsar vi heller på å få litt genetisk informasjon om alle organismar, seier Ekrem.

Ekrem har saman med forskar Elisabeth Stur oppdaga nye artar med denne metoden. Av fjørmygg som var samla inn på feltarbeid i Finnmark kom det fram at om lag 20 % av artane var nye for vitskapen.

Torbjørn Ekrem og Elisabeth Stur

Forskarane Torbjørn Ekrem og Elisabeth Stur studerer fjørmygg i mikroskopilaben på NTNU Vitskapspsmuseet.

Foto: NTNU Vitskapsmuseet

2500 norske artar

I Noreg er 2500 artar strekkoda og lagt inn i databasen.

Blant dei norske artane i databasen finn vi all fugl som hekkar i Noreg, og alle karplantar på Svalbard. Her er også lagt inn DNA-kodar for sommarfuglmygg, fjørmygg, og skadeinsekt som trips, knott og biller.

Men det er framleis mange artar att. I Noreg har vi totalt 40.000 kjende artar, og sannsynlegvis 10.000 fleire artar som enno ikkje veit om..

– Det er venta av Noreg at vi skal ta eit ekstra ansvar for å samle inn DNA-strekkodar frå artar i polarområda, sidan vi har stor aktivitet i arktiske strøk og ein tradisjon for forsking i polområda, fortel Ekrem.

Registrerer mangfald før det forsvinn

Humlefluge

Humlefluga er blant dei norske artane som har fått DNA-strekkoden registrert i iBOL.

Foto: Torbjørn Ekrem, NTNU Vitskapsmuseet

Det vil nok også ta mykje lenger enn den neste perioden på fem år å fullføre det ambisiøse prosjektet.

– Vi har brukt 250 år på å skildre dei 1,7 millionar artane vi kjenner på jorda i dag. Og det vil ta 500 nye år før vi har identifisert alle resterande artar dersom vi held fram med dagens fart, fortel Ekrem.

– På dei 500 åra vil vi også ha mista mange artar som vi har i dag. Vi er inn i ein utdøingfase. Difor er det viktig å registrere dette mangfaldet før det forsvinn, seier den norske biologen.