Hopp til innhold

Ser inn i kreftceller

Dansk oppfinning kan forsterke MR-signal opp til 100 000 gongar, og gjer det mogleg å sjå kreftmedisinens verknad i kreftcellene direkte.

MR-skannar

Danske forskarar har utvikla ein metode som kan gi svært mykje betre MR-bilete av kreftpasientar.

Foto: Colourbox

Ei ny dansk oppfinning gjer det mogleg å følgje kreftmedisinens veg inn i kreftcellene direkte, og dermed gi umiddelbart svar på om ein kreftmedisin verkar, skriv Videnskap.dk.

Oppfinninga blir kalla hyperpolarisering (sjå faktaboks), og går ut på å magnetisere stoff som injiserast i kreftpasienten før MR-skanning. På grunn av den auka magnetiseringa i stoffet, aukar følsamheita i MR-skannaren med opptil 100 000 gongar, i følgje forskarane.

Som å sette forsterkar på tv-antenna

Det er professor Jan Henrik Ardenkjær-Larsen ved DTU Electrical Engineering som står bak oppfinninga som no er tatt i bruk i klinisk utprøving.

– Vi testar i augneblinken magnetiserte sporstoff i pasientar med prostatakreft, men vi har allereie hatt suksess i dyreforsøk. Viss prosjektet vårt lukkast kan det vere ein gamechanger i kampen mot kreft, seier professor Jan Henrik Ardenkjær-Larsen ved DTU Electrical Engineering til videnskap.dk.

– Vi meiner vi har belegg for å seie at vi snart kan fortelje korleis kreftpasientar reagerer på behandling tidlig i forløpet, seier Ardenkjær-Larsen.

– Oppfinninga svarar til å sette ein forsterkar på tv-antenna si så ho kan oppfange mange tusen fleire tv-signal. I dette tilfellet er det signal som fortel noko om kroppen, fortel professor Hans Stødkilde Jørgensen ved MR Research Center ved Aarshus Universitet til videnskab.dk.

Polarizer

Dette er professor Jan Henrik Ardenkjær-Larsens oppfinning Polarizer som kan auke kvaliteten av MR-skanningar.

Foto: Jan Henrik Ardenkjær-Larsen

– Kjempespennande metode

– Dette er ein kjempespennande metode, seier førsteamanuensis Tone Frost Bathen ved MR Cancer-gruppa ved NTNU i Trondheim.

MR Cancer gruppa ved NTNU der Bathen er forskar har over mange år spesialisert seg på utredning og behandling av bryst- og prostatakreft ved hjelp av MR.

Bathen kjenner godt til Ardenkjær-Larsens metode, og synest det er spennande at han no er i klinisk utprøving.

– Metoden kan vere med på å gi eit veldig tidleg mål på om behandlinga verker eller ikkje, men han kan også nyttast til å oppdage kreft, og kanskje også seie noko om kreften er dødeleg eller ufarleg, seier Bathen.

Metoden finst enno ikkje i Noreg, men MR Cancer-gruppa ved NTNU har blant anna sett av plass til hyperpolariserande utstyr i eit nytt laboratorium.

Likevel har metoden også sine utfordringar, fortel Bathen.

– Det er ingen enkel metodikk å lage desse hyperpolariserande stoffa, og det er eit svært kort tidsvindauge for å injisere prøven i pasienten og skanne. Det er ein utfordrande teknologi, og derfor er det også viktig å jobbe med andre metodar parallelt, seier forskaren ved MR Cancer- gruppa.

– Noreg har hatt viktig rolle

Til NRK.no fortel Ardenkjær-Larsen at norske forskarar har hatt ei viktig rolle i prosjektet.

– Dette starta for mange år sidan i Nycomed, som blei kjøpt av GE Healthcare. Folka på Nycoveien i Oslo har vore sterkt involvert i utviklinga og den første patentstudien, seier Ardenkjær-Larsen.

Professor Ardenkjær-Larsen fortel at det vil gå minst fem år før denne teknikken er i generell bruk i kreftbehandling.

– Eit sjukehus i Danmark håpar å få ein polarizer neste år som det første sjukehus i Norden. Seks universitetssjukehus i Nord-Amerika og Europa vil få seinare i år, og begynner pasientstudiar neste år, fortel han til NRK.no.