Normal

Sensasjonane ingen forstod

Fysikk er det faget der det kan ta lengst tid før eit forskingsresultat blir forstått og omfamna av andre forskarar.

Albert Einstein (1879-1955)

Det hjelper ikkje alltid å vere verdsberømt. Sjølv Einstein har publisert studiar som har blitt oversett i samtida.

Foto: Scanpix

Tornerose sov som kjent i hundre år, og det kan også enkelte forskingsartiklar gjere. Det kan nemleg ta opptil 100 år før forskingsmiljøet innser kor viktig eit resultat er.

I ein studie har amerikanske forskarar gått gjennom 22 millionar artiklar for å avdekke kor vanlege slike såkalla "Tornerose"- artiklar er. Dei fann at fenomenet slett ikkje er uvanleg.

– Denne studien gir bevis for at ein artikkel verkeleg kan vere forut for si tid, seier Alessandro Flammini ved Indiana University Bloomington School of Informatics i ei pressemelding.

Fysikk på toppen

Einstein var alt ei verdsstjerne då han publiserte ein artikkel om det såkalla "EPR-paradokset" i kvanteteori saman med kollegaer i 1935. Likevel tok det nesten 60 år før artikkelen vart fanga opp og sitert av andre.

Nettopp fysikk er det fagområdet der det oftast blir publisert studiar som ikkje blir forstått av andre fagfolk, tett følgd av kjemi og matematikk.

Dag Olav Hessen

Dag O. Hessen er professor i biologi.

Foto: UiO

– Kanskje fysikk ligg på topp fordi dette er eit felt der ein lett kan tenke seg innsikter som er så nye at det tar lang tid før forskarsamfunnet er modent for dei, seier professor i biolog Dag O. Hessen.

Frå hans eige fagfelt nemner han oppdaginga av "hoppande gen", transposonar. Dette vart første gong skildra i ein artikkel av Barbara McClintock i 1953, men fekk først merksemd eit par tiår seinare.

– Dette vart nok til dels "gløymt" fordi ho var kvinne, men også fordi oppdaginga var forut for si tid. I dag er dette eit heitt forskingstema, seier Hessen.

Barbara McClintock

Biologen Barbara McClintock fekk Nobelprisen i 1983 for ei oppdaging ho gjorde tretti år tidlegare.

Foto: Smithsonian Institution

Hessen trur at det ligg ein del torneroseartiklar omkring som vil sove til evig tid.

– Men det hjelper enormt når gamle arkiv blir digitaliserte og søkbare, seier han

Fagområda som oftast har sleeping beaty-artiklar

Desse fagområda har oftast sovande artiklar.

Foto: Indiana University

Brukte 101 år

Den artikkelen som brukte aller lengst tid på å bli oppdaga i datagrunnlaget til Fallini og kollegaer, er ein artikkel i statistikk. Denne vart publisert i 1901, men først oppdaga og sitert av andre i 2002, altså 101 år seinare.

Men det også døme på artiklar som har ligge i dvale i opp mot sju tiår før dei vart vekt til live igjen.

– For nokre studiar er det rett og slett ikkje mogleg å sjå for seg det potensielle bruksområdet på tidspunktet studien blir publisert, seier Fallini.

Forskarane vil no undersøke kva som kjenneteiknar artikkelen som vekker den sovande skjønnheita frå dvalen - eller Prinsen om du vil.