Hopp til innhold

NASA ikkje begeistra for sci-fi-film frå rommet

Romturist laga science-fiction-film i rommet med astronautar i rollene – NASA set ned foten for vising.

romturist Richard Garriott

Videospelguruen Richard Garriott betalte tur til romstasjonen av eigen lomme i 2008. Bilete frå dokumentarfilmen Man on a Mission.

Foto: First Run Features

Richard Garriott

Richard Garriott

Foto: Dmitry Lovetsky / AP

Mens han var turist på romstasjonen laga romturisten Richard Garriott ein åtte minutts Science-fiction film med namnet «Apogee of fear» eller Skrekkens høgdepunkt i ei nokolunde direkte omsetjing.

Videospel-designaren Garriott brukte 30 millionar dollar av eigne pengar på ei ferd til den internasjonale romstasjonen i oktober 2008.

Den eksklusive romferda hans er dokumentert i dokumentarfilmen «Man on a mission» som for tida er aktuell på kinoar i USA.

Sjå traileren til filmen «Man on a Mission»:

NASA set ned foten

– «Apogee of fear» er den første science-fiction filmen laga i rommet nokosinne, seier Garriott til Space.com.

Garriott vil gjerne at publikum skal få sjå filmen, men NASA har førebels sett ned foten.

– NASA har fram til no gjort motstand mot å vise filmen offentleg, sidan filmen er filma om bord i eit NASA-farty, og nyttar NASA-astronautar som skodespelarar, ifølgje Garriott.

Tre astronautar på romstasjonen, ein russisk kosmonaut og to amerikanske astronautar, speler rollene i filmen.

Forretningsmannen trur sjølv at filmen er for leiken for NASA, men Garriott trur at filmen kunne vise ei meir lystig side av astronautane og deira daglege liv om bord på romstasjonen.

Kunne ikkje bli astronaut

Richard Garriott er son av astronauten Owen Garriott som flaug til romstasjonen U.S. Skylab som var i operasjon frå 1973 til 1979.

– Eg vaks opp i eit samfunn der det å dra til rommet virka ganske normalt, og ikkje uvanleg eller særskilt vanskeleg. Eg rekna med at alle drog til rommet når dei vart vaksne, for det gjorde alle vaksne rundt meg, fortel Garriott som vaks opp i eit astronaut-nabolag i Houston.

Men som 13-åring fekk den nærsynte astronautsonen beskjed av ein NASA-lege om at ei astronautkarriere ikkje låg i korta når ein ikkje har perfekt syn.

Astronautsonen gav likevel aldri opp draumen om å følgje i farens fotspor.

Etter å ha tent millionar på utvikling av rollespel til datamaskiner, såkalla MMORGS, Massive Multiplayer Online Role-playing Games, investerte han i romturisme gjennom selskapet Space Adventures som han også var med på å starte.

Ubeden gjest på romstasjon

I ei svært uoffisiell vising for nokre få journalistar, har Garriott gitt ein liten titt på filmen «Apogee of fear.»

Plottet i verdas første science-fiction-film laga i rommet går ut på at astronautar om bord i romstasjonen oppdagar at oksygenforbruket om bord er høgare enn det burde vere.

Astronautane konkluderer med at ein ubeden gjest har funne vegen inn på romstasjonen, og dei mistenker straks at det er snakk om utanomjordiske vesen.

For å få vite korleis dette ender, må vi berre vente på at NASA ombestemmer seg og likevel vil tillate vising av filmen.