Hopp til innhold

Denne satellitten er i fall mot jorda

ESA-satellitten GOCE vil treffe bakken natta mellom søndag og måndag. – Risikoen for å få satellitten i hovudet er mindre enn å vinne i lotto, seier GOCE-leiar.

GOCE-satellitten

Illustrasjon av ESAs GOCE-satellitt i bane over jorda.

Foto: AOES Medialab/ ESA

GOCE-satellitten har vore på jobb for den europeiske romfartsorganisasjonen ESA, i fire år og kartlagt variasjonar i jordas tyngdefelt med stor detalj.

Oppdraget til satellitten var over i oktober, og GOCE er no på veg ned mot jordoverflata.

Mission manager for GOCE, norske Rune Floberghagen, seier til NRK.no at satellitten truleg kjem til å treffe jorda natta mellom søndag og måndag, men at det enno er for tidleg å seie kvar dette vil skje.

Fredag formiddag var GOCE 170 kilometer over bakken, og vil falle ytterlegare 8 kilometer i løpet av dagen.

Laster Twitter-innhold

– Svært liten risiko

Korleis banen til satellitten vil utvikle seg vil ifølgje Floberghagen avhenge av hovudsakleg to ting: Om satellitten roterer eller ikkje, og på kor stor solaktiviteten vil vere, noko som igjen vil påverke tettleik i atmosfæren. Dette gjer at det enno er 20 prosent usikkerheit i tidspunkt og stad for kollisjonen.

–Alle ressursar som eksisterer på dette området i verda brukast no til å følgje banen og korleis han utviklar seg, seier Floberghagen.

Situasjonen blir også heile tida følgd av ESAs Space Debris Office, som vil sende ut oppdateringar.

ESA reknar med at 25–45 fragmentar av satellitten, vil kunne overleve turen gjennom atmosfæren og krasje i overflata, der dei tyngste bitane vil kunne vege opp mot 90 kilo.

–Bør vi vere redde for å få dette i hovudet?

–Folk skal ikkje gå rundt og vere engstelege. Risikoen for å få ein satellitt eller del av ein satellitt i hovudet er mykje mindre enn å bli treft av ein meteoritt, seier Floberghagen, og legg til:

–Vi har halde på med aktivitetar i rommet i meir enn 50 år, og det er enno ingen som har fått noko i hovudet.

Likevel er han open på at det er ein liten risiko her:

– Sjansen for vinne i lotto er atskilleg større enn å få GOCE i hovudet. Risikoen er svært, svært liten, men ikkje null.

–Må sørge for at satellittar blir sendt tilbake

At satellitten skulle til bakken, har vore ESA sin plan med GOCE heile tida.

–Romskrotproblematikken har vekse dei siste åra, og blir tatt svært alvorleg av alle romorganisasjonar, ifølgje Floberghagen.

Utan at ein reinsar opp og tar ned gamle satellittar vil dei kunne kollidere med kvarandre og føre til ei nærast eksponentiell auke av fragment som igjen kan føre til skadar på operative operative satellittar.

– Vi må sørge for at satellittar blir sendt tilbake til jorda, og når dei blir sendt tilbake må vi sørge for at risikoen er liten, seier han.

Ionemotor

GOCE, Gravity field and steady-state Ocean Circulation Explorer, er den forskingssatellitten som har gått i lågast bane over jordoverflata.

Dette har vore mogleg fordi satellitten har ionemotor, eit svært effektivt drivmotorsystem som gjer GOCE i stand til å fyre heile tida og motverke dragning frå atmosfæren.

Frå denne låge høgda har satellitten kunne gjere tyngdekraftmålingar som er mykje meir nøyaktige og detaljerte enn det som har vore mogleg tidlegare.

Noko av det satellitten har medverka med er å lage globale kart av havstraumar, Data frå GOCE vil også gi forskarar nyttig informasjon for å studere islagde område, samt konveksjonar i jordas indre.