I løpet av heile Ikke gjør dette hjemme-serien har Rune og Per Olav fått mange tips frå sjåarar om ting dei bør prøve ut.
- Les også:
Men eitt forslag skilde seg ut, ifølgje Rune Nilson, og det var ein innsendt video frå Tom Jacobsen som viser sønene hans som vakuumpakkar ein miniversjon av ei campingvogn i papp med hjelp av ein vanleg støvsugar.
Videoen overbeviste Ikke gjør dette hjemme om å prøve å få ei ordentleg campingvogn til å klappe saman med same metode.
- Sjå videoen som overtalte Ikke gjør dette hjemme:
–Noko av det sjukaste eg har sett
Bakgrunnen for at Jacobsen kom med tipset, er for det første at han og sønene er store fans av Ikke gjør dette hjemme.
–Det er ei feststund kvar gong, og eg får ofte gode idear, fortel Jacobsen til NRK.no.
Men i tillegg er Jacobsen også litt over gjennomsnittet glad i å finne opp ting, og då spesielt teknologi som kan suge opp saker og ting.
Han arbeider til vanleg som vasskraftingeniør, og har blant anna vore med på å utvikle kraftige sugeapparat som suger stein og grus på havbotnen. Vakuumteknologi er altså ikkje heilt framand for denne mannen.
Men utruleg nok held det med ein heilt vanleg støvsugar når ein vil få ei campingvogn til å klappe saman.
–Ein vanleg støvsugar er veldig sterk, det kjenner du jo når du held handa framfor også. Her er det krefter ute og går, seier Jacobsen.
Trikset er å få vogna heilt tett, og dette blir sikra ved å pakke henne inn i plast. Når støvsugaren er kopla på vogna, tar det berre minutt før ein ser dei første teikna på at vogna byrjar å gi etter. Vindauga slår sprekkar, og det knakar i heile konstruksjonen.
–Dette er noko av det sjukaste eg har sett i heile mitt liv, utbryt Rune Nilson i det veggane i campingvogna gir etter.
- Les også:
- Les også:
– 16 tonn på taket
Jacobsen rekna på det, og funne at undertrykket som oppstår inne i campingvogna mot slutten svarar til eit trykk frå taket på heile 16 tonn.
–Det kan samanliknast med å stable 5 meter med snø på taket, og då verkar det jo rimeleg at vogna gir etter, seier Jacobsen.
Og dette er trykket berre frå taket, men i tillegg opplever vogna trykk også frå veggar og golv.
Jacobsen gjettar på at det tok under 30 minutt frå starten av eksperimentet, og til campingvogna var ferdig klappa saman, men akkurat kor lang tid det tok har han ikkje oversikt over.
–Det var så artig då det stod på at eg ikkje såg på klokka, flirer han.
Han har fått endå fleire idear til ting som Ikke gjør dette hjemme kan teste ut.
–Eg har lyst til å prøve å blåse ein torpedo gjennom huset ved hjelp av ei sykkelpumpe, seier han.
La oss håpe Rune og Per Olav tar oppfordringa.
- Les også: