Sånn lurar tryllekunstarane deg

Tryllekunstnarar og magikarar nyttar vår eigen hjerne for å lure oss. Avslører du korttrikset?

Video Korttriks

Illusjonistar som Alexx Alexxander brukar hjernens svake punkt for å lure oss.

– Vi er veldig lette å lure, og det utnyttar illusjonistar heile tida, seier psykolog og magientusiast Jan-Ole Hesselberg til NRK Schrödingers katt.

Magikarar utnyttar blant anna at menneskets merksemd er svært avgrensa, og at vi berre kan ta inn ei viss mengde informasjon.

I korttrikset over vart fargane på programleiaranes T-skjorter, duken og bakgrunnen endra i løpet av videoen. Trikset er inspirert av psykolog og tryllekunstnar Richard Wiseman.

Desse endringane får dei færraste av oss med oss, fordi vi er opptekne med å følgje med på korttrikset.

Fenomenet blir kalla change blindness, og nøkkelen ligg i at vi er blind for endringar når vi ikkje får moglegheit til å samanlikne situasjonen før endringa med situasjonen etter.

Klarar du å avsløre Alexx Alexxanders illusjon? Sjå videoen.

Video Illusjon med Alexx Alexxander


– Svært liten kapasitet

Merksemda vår er der vi skal behandle alt vi er bevisst på, for eksempel når vi reknar hovudrekning, eller tenkjer på kva vi skal seie.

Hesselberg fortel at problemet med merksemda vår er at den har ein svært liten kapasitet.

– Vi rettar merksemda vår på ein bestemt stad, og då snevrast fokuset vårt inn heilt automatisk, og vi får med oss svært lite anna.

Dette gjer at vi hamnar i situasjonar der hjernen oss lurar oss fullstendig, og der vi går glipp av vesentlig informasjon.

Illusjonisten kan nytte seg av vårt avgrensa fokus til å leie merksemda vår i ei bestemt retning, og slik skjule andre hendingar for publikum.

Forventningar

Psykolog Jan-Ole Hesselberg.

Psykolog Jan-Ole Hesselberg.

Foto: NRK

– Det er ikkje berre merksemda vår som kan lurast, men også hukommelsen vår, og måten vi behandlar synsinntrykk. Vi har mange slike tankefeller som er eit resultat av at hjernen er utvikla over millionar av år, og som har sin hovudhensikt å halde oss i live og ikkje avsløre illusjonistar, fortel Hesselberg.

Han fortel at forventningar er også svært viktige for ein illusjonist.

– Når nokon til dømes grip etter noko dei har i ei hand, så tenkjer vi automatisk at det betyr at dei skal ha noko over i den andre handa si. Slike antakingar om kva som vil skje i nær framtid har vore svært viktig for oss, elles ville vi blitt løvemat ganske raskt, fortel Hesselberg.

Men desse feilaktige spådommane om nær framtid utnyttar altså også illusjonistane på det grovaste for å lure oss trill rundt.

Antydar løysinga

Tryllekunstnarane kan også styre forventningane hos tilskodarane og villeie dei.

– Nokre gongar kan dei bruke triks der dei antydar ei løysing på oppgåva, og gi tilskodarane inntrykk av at dei skjønar kva som skjer, fortel Hesselberg.

Men sjølvsagt lurar dei oss igjen.

– Det er veldig morosamt når folk trur dei veit løysinga på noko, og så plutseleg er det noko heilt anna som skjer, seier Alexx Alexxander.

Etter eit show synest han det er interessant å høyre kva folk seier.

– Å høyre alle dei ulike teoriane dei har er utruleg spennande, seier Alexx.

Sjå Schrödingers katt i kveld kl. 19.45 på NRK1.