Hopp til innhold

Samsung viser musklar mot Apple

Apple sakkar akterut i konkurransen om den globale smarttelefonmarknaden, viser salstal frå siste kvartal.

Samsung Galaxy og Iphone

Samsung selde meir enn dobbelt så mange smarttelefonar som Apple det siste kvartalet av 2012, ifølgje telekomanalytikarar.

Foto: NTB Scanpix / Ap

Samsung skal ha seld 31,3 prosent av alle smarttelefonar på verdsbasis i tredje kvartal av 2012, mot eit sal på 15 prosent for Apple, ifølgje telekomanalytikarfirmaet IDC. Dette melder nyheitsbyrået AFP.

Meir enn dobbelt sal

I månadane juni-september selde Samsung heile 56,3 millionar smarttelefonar på verdsbasis, mot 26,9 millionar selde iPhone-einingar.

Med dette har Samsung eit sal som er meir enn det dobbelte av erkerivalen Apples sal.

Men sjølv om den sør-koranske elektronikkgiganten leiar i marknadsdel, tener Apple likevel meir pengar i smarttelefonsektoren.

Apple leverte nyleg ei kvartalsomsetning på 36 milliardar dollar for rekneskapskvartalet som vart avslutta 29. september 2012, og eit netto overskot på 8,2 milliardar dollar.

– Marknadsleiande også i Noreg

Den same situasjonen gjeld også i Noreg, skal vi tru salssjef Stig-Ove Langø i Samsung Electronics Norge.

– Samsung er marknadsleiande på mobiltelefonar i Noreg, seier Langø til NRK.no, utan at han vil gå ut med tal for selde einingar.

Administrerande direktør Jan Røsholm i Stiftinga Elektronikkbransjen fortel at det er ein auke i volum av selde mobiltelefonar i Noreg på 22 prosent frå i fjor. Samtidig er det ei auke på 50 prosent i verdi fordi det blir seld fleire smarttelefonar, som er dyrare.

– Vi forventar eit totalsal i år på 2,2 millionar einingar, der 80 prosent er smarttelefonar, fortel Røsholm til NRK.no.

Men kor mange av desse som er Samsung-mobilar, og kor mange som er iPhone kan ikkje Røsholm seie, då Apple ikkje gir ut salstal nasjonalt.

NetCom og Telenors Ti-på-topp-liste over mest selde mobiltelefonar i Noreg gir ikkje eit like eintydig bilete av kven som er vinnaren i smarttelefonbransjen:

– Apple har hatt ein av sine smarttelefonar på topp kvar månad det siste året, med unntak av mars då Samsungs Galaxy S II låg på topp, seier Anders Bigseth i NetCom til NRK.no.

I Telenors liste for september er det Apple-mobilane iPhone 4 og iPhone 4S som har første og andreplassen, mens Samsungs Galaxy S II først er å finne på tredjeplass.

– Oppskrifta på å bli nummer 1

Apple og Samsung skuldar kvarandre stadig for å stele design og teknologi, og er involvert i patentstrider i 10 land, deriblant USA og Tyskland.

I august vart Samsung dømt til å betale Apple 1,05 milliardar dollar i erstatning for å ha kopiert kjenneteikn frå iPhone og iPad i Galaxy S smarttelefonar.

– Copycat-merkelappen hefter framleis ved Samsung uansett om dei liker det eller ikkje, men det er likevel mogleg å gjere business med det, sa senioranalytikar Kevin Restivo i IDC til AFP.

– Å vere rask til å fange opp idear kan bli oppskrifta på å bli nummer ein, og Samsung er eit godt døme på det, sa Restivo.

Apple har også sett seg nøydd til å tilpasse seg Samsungs popularitet, og lanserte nylig ein krympa versjon av nettbrettet iPad, iPad mini.

– Må endre kurs

Dei fleste analytikarar peiker på to faktorar som har gitt Samsung suksess. Det eine er at dei satsa på Googles Android-operativsystem, noko som gjorde at dei kunne konsentrere seg fullt ut om hardware og hoppe bukk over smarttelefonprodusentar som haldt seg til eit eige operativsystem.

Det andre er at dei har eit stort utval av billigare smarttelefonar i tillegg til flaggskipet Galaxy S.

– Galaxy S-serien er berre toppen av isfjellet for Samsung, som lagar ei stor mengde billegare og mindre kjende smarttelefonar, seier analytikar Greg Roh frå HMC Investment Security.

–Globalt er det ikkje mange forbrukarar som har råd til iPhonar, så Samsung leverer til ei mykje vidare gruppe forbrukarar enn Apple og har marknadsdelen som beviser det, seier Roh.

Teknologanalytikar James Song ved Daewoo Securities trur Apple vil bli tvunge til å endre kurs.

– Eg trur Apple snart vil bli nøydd til å rulle ut produkt i middels og låg prisklasse for å kunne overleve, seier Song.