NRK Meny
Normal

Så mange mikroorganismar finst på ei barnehand

Slik vart resultatet då ein laboratorieteknikar dyrka fram bakteriar frå sonen si hand.

Så mange bakteriar var det på ei vanleg barnehand.

Så mange bakteriar var det på ei vanleg barnehand.

Foto: Tasha Sturm / Cabrillo College

– Vi gjer dette heile tida med studentane. De sjekkar mobilar og datamaskinar. Skosålar er også veldig interessante! seier Tasha Sturm til NRK.no.

Ho jobbar som laboratorieteknikar hjå biologiavdelinga ved Cabrillo College i California.

Sturm fortel at ho ville visa dei bakteriane frå den skitne handa til sonen på åtte år, og tok derfor eit avtrykk på eit dyrkingsmedium, ei såkalla agar-skål.

Gjorde han nokre spesielle aktivitetar før avtrykket?

– Eg bad han rydde nokre av tinga sine utanfor huset og kose litt godt med hunden. Så tok vi avtrykket.

Sopp og stafylokokkar

Etter at bakteriane hadde godta seg i nokre dagar, viste det seg at det var eit svært blomstrande bakterieliv i skåla. Litt som hard gelé, forklarar ho. Sopp og stafylokokkar, trur ho var representerte.

– Han reagerte som 8 år gamle gutar flest. «Kult», sa han.

Sturm tok nærbilete av bakteriane og posta dei på nettstaden Microbe World, der ho også forklarte meir detaljert om korleis ho hadde gått fram. Ikkje lenge etter gjekk bileta verda rundt.

Bakteriekoloni

Nærbilete av avtrykket visar ein bakteriekoloni.

Foto: Tasha Sturm / Cabrillo College

Har sonen din vaska hendene sine grundigare etter dette?

Han har alltid gjort ein ok jobb, så dette har ikkje forandra så mykje. Men eg må framleis minna han på det.

Innzoom av bakteriedyrking.

Her ser vi ein bacillus-art som vaks ut frå midten, ifølgje Sturm.

Foto: Tasha Sturm / Cabrillo College

Har aldri sett noko i nærleiken av dette

Det er sannsynlegvis liten grunn til å tru at det er mindre basilluskar på norske barnehender.

– Ved sidan av at biletet viser fantastisk mange bakteriar, så er det også utruleg mange ulike bakterieartar å sjå, seier professor Kåre Bergh ved Institutt for laboratoriemedisin, barne- og kvinnesykdommer ved NTNU.

Han trur, som Sturm, at ein ser stafylokokkar, mikrokokkar og bacillus-artar.

Bergh har sjølv dyrka bakteriar frå fingre og hender på studentar, men han har aldri sett noko i nærleiken av det dette biletet viser.

Ikkje farleg i seg sjølv

– Vi har alle mange typar bakteriar på hendene våre frå daglege gjeremål, ikkje berre barn, seier professor Eivind Almaas ved Institutt for bioteknologi på NTNU til NRK.

Bakteriar i seg sjølv er ikkje farlege, og det er cirka hundre gongar så mange bakterieceller i ein menneskekropp som menneskeceller, minner Almaas om.

– Eg vil tru at (uvaska!) hender – både fra born og vaksne – kan gi avtrykk som viser bakterievekst.

Men ein del bakterietypar kan gi sjukdomar, spesielt viss dei kjem frå avføring. Derfor er handhygiene svært viktig seier han.

Det stemmer Tasha Sturm i:

– Dette er ingenting å ta på veg for, men hugs å vaske hendene etter dobesøk og før du skal ete.