Hopp til innhold

Russiske gekkoar døydde etter mislukka sexreise i verdsrommet

I sommar sende russarane ein handfull gekkoar ut i verdsrommet. Dei ville undersøkje om øglene klarte å formeire seg i nesten vektlaus tilstand. No har romfartøyet kome heimatt, men det er usikkert om gekkoane vart medlemmar av «the mile high club» på ferda.

Gekko

FEKK PRØVE SEG I ROMMET: Fire hoer og éin hann forlèt Jorda i juli med eitt mål turen: å kose seg.

Foto: Fikmik / NRK

Foton-M4

INN FOR LANDING: Måndag 1. september kom det russiske romfartøyet Foton-M4 tilbake til Jorda i eitt stykkje. Men ikkje alle om bord overlevde turen.

Foto: roscosmos.ru

19. juli sende den russiske romfartsorganisasjonen Roskosmos (RKA) eit fartøy ut i verdsrommet med fem øgler om bord.

Målet med turen var å teste kva slags effekt låg tyngdekraft hadde på øglene si evne til å utvikle og reprodusere seg.

Det skriv bbc.com.

Fire hoer og éin hann av øgletypen gekkoar vart sende avgarde til å teste dette.

LES OGSÅ: Se kosmonauten kaste en satellitt ut i rommet

Endra bane, men landa trygt

Romfartøyet dei reiste med, Foton-M4, landa i Orenburg sør i Russland 1. september, skriv theguardian.com.

Dessverre kom ingen av gekkoane tilbake i live.

Seint i juli mista RKA kontakt med fartøyet. Dei fekk kontakt med det igjen etter nokre dagar, men på den tida hadde fartøyet endra bane. Det kan ha skjedd noko i løpet av desse dagane som fekk systema som skulle halde gekkoane i live til å svikte.

Russiske ekspertar vil no prøve å finne ut nøyaktig når gekkoane døydde og kvifor.

LES OGSÅ: Snart kan du se postkassen din fra verdensrommet

Dei overlevande

bananflue

VANN KAMPEN FOR TILVÆRET: Ikkje berre overlever dei godt i matrestane våre på kjøkenet. Dei klarar seg òg fint på reise i verdsrommet.

Foto: Wikipedia

Nokre kom likevel frå det med liv og lemer i behald.

I tillegg til fem øgler var det nemleg fire generasjonar fluger om bord. Dei var av typen Drosophilia som me gjerne kallar banan- eller fruktfluger.

Flugene overlevde ikkje berre reisa i rommet - dei utvikla og formerte seg til og med.

Saman med desse skapningane var òg fleire typar planter og mikroorganismar.

LES OGSÅ: Sånn ser det ut når en klut blir vridd opp i verdensrommet