NRK Meny
Normal

Russarane vil byggje base på månen

Ein base på månen eller ein romstasjon i nærleiken er målet for russarane. – Kan vere eit utspel for fleire føremål, seier norsk romfartsekspert.

Månen

Russarane vil ha med seg NASA og ESA på å byggje ein bemanna base på månen.

Foto: AURELIEN LAUDY / PHOTOPQR/L'UNION DE REIMS

Eugene Cernan på månen i 1972.

Astronaut Eugene Cernan på den siste månelandinga i 1972.

Foto: NASA / Harrison H. Schmitt

I år er det heile førti år sidan menneske sist var på overflata på månen.

No ønskjer russarane å sende menneske til månen igjen, men denne gongen på meir permanent basis.

Forskingsbase

Ifølgje den russiske nettavisa RiaNovosti er Den føderale russiske romorganisasjonen, Roskosmos, i samtalar med NASA og ESA om bemanna forskingsbasar på overflata av månen.

– Vi vil ikkje berre ha ein mann til å gå på overflata av månen, skal Roskosmos-sjef Vladimir Popovkin ha sagt til den russiske radiostasjonen Vesti FM.

– I dag veit vi nok om det, vi veit at det er vatn i polområda. Vi diskuterer no korleis vi skal byrje utforskinga [av månen] med NASA og ESA.

Roskosmos-sjefen sa at det er to moglegheiter, enten å setje opp ein base på månen, eller å sende opp ein stasjon som kan gå i bane omkring månen.

Utspel for fleire føremål

– Dette kan vere eit utspel for fleire føremål, seier romfartsekspert Erik Tandberg til NRK.no.

– Det viser at den nye sjefen som tok over etter Anatolij Perminov har initiativ og innsikt og vil gjerne setje i gang med nye ting som inspirasjon. Og naturlegvis vise at han er ein dugande leiar. Men det kan også vere eit oppriktig ønskje for russarane å komme seg vidare ut i rommet.

Popovkins forgjengar, Perminov, måtte som kjent gå av etter ei rekkje mislukka romsatsingar, blant anna Phobos-Grunt, bererakettproblem og tap av tre navigasjonssatelittar.

Tandberg har ikkje sett referat av at det skjer offisielle samtalar om eit månesamarbeid, men meiner at det kan føregå uoffisielle samtalar mellom Roskosmos, NASA og ESA utan at dette har resultert i noko enno.

Månen interessant mål i seg sjølv

Popovkins utspel er også eit uttrykk for at russarane meiner at månen er det neste naturlege målet framfor ei bemanna ferd til ein asteroide, og at dei vil ha med NASA og ESA på dette.

Fjorten romorganisasjonar, blant dei NASA, ESA og Roskosmos, som er representert i International Space Exploration Coordination Group har gitt ut ein førebels plan for kva vi bør gjere i rommet, Global Exploration Roadmap.

I denne planen blir det diskutert om ein skal dra til ein asteroide eller til månen først. Men uansett er det endelege målet å dra til Mars.

Tandberg peiker på at månen er eit interessant mål i seg sjølv. Den ligg berre tre dagar borte, og det er mykje vi ikkje veit om den. Han trur også at ein vil gå for basar på overflata av månen, framfor ein romstasjon i bane omkring månen.

– Eg trur dei held fram med bruk av romstasjon her nede, og utnyttar den til å trene opp mannskap og utstyr og prøve ut teknologi. Og så dreg ut direkte til månens overflate, eller i verkelegheita under månens overflate, til dømes i ein lavatunnell, slik at ein kan vere beskytta for strålar frå sola.

Samarbeid må til

Etter kutt i NASA-budsjetta er det ikkje lenger sjølvsagt at det er ein amerikansk astronaut som blir den første som igjen set foten sin på overflata av månen.

I tillegg til Russland er det også andre nasjonar som har ambisjonar om bemanna ferder til månen, blant anna Kina.

– Kina har ambisjonar, dei har dyktige ingeniørar, og dei har økonomi. Dei har vist at der dei ikkje får til samarbeid, går dei åleine. Dei har også sagt at dei skal til månen. Dei snakkar om at ein kinesisk astronaut skal til månen innan 2025, seier Tandberg.

– Det bør vere eit samarbeid om desse tinga her. Dersom det blir eit nytt romkappløp blir dette kostbart, seier Tandberg.

Fotavtrykk på månen

Buzz Aldrins avtrykk på månen under den første månelandinga i 1969.

Foto: Scanpix/AP