Hopp til innhold

Her et ho partnarens hovud

Hannar som ofrar livet under paringa kan sikre seg fleire etterkommar.

Ho-kneler et hovudet til hann

Kneler-insektet er kjent for seksuell kannibalisme. Her et hoa hovudet til paringspartnaren sin.

Foto: Oliver Koemmerling, CC

Paring i dyreverda kan vere svært risikabelt. Så farleg kan det vere, at hannen hos enkelte artar rett og slett ikkje slepp frå hendinga i live.

Han blir utsett for seksuell kannibalisme.

Dette er blant dei pikante detaljane frå dyrelivet som kjem fram i ein ny populærvitskapleg nettserie om seksualitet hos dyr, Wild Sex, med biolog Carin Bondar.

Sjå episoden om seksuell kannibalisme her:

– Hannar kan utgjere 63 prosent av næringsinntak

Knelerar er ei gruppe insekt som har fått namnet etter den særeigne måten å halde frambeina på når dei er i angrepsstilling, det ser ut som om dei kneler og ber.

Men insektet er slett ikkje så fromt som det gir seg ut for å vere, dette er eit rovdyr som et alt det kjem over. Og for ho-knelaren er også hannen av hennar eigen art inkludert i menyen.

– Faktisk kan hannar utgjere opptil 63 prosent av hoas næringsinntak, ifølgje biolog Carin Bondar.

Hann-knelar utan hovud

Ein drope grønt insektblod markerer staden der hovudet skulle vore hos dette offeret for seksuell kannibalisme.

Foto: EarthTouchTV/YouTube

Mens paringa er i gang, kan hoa gå til det morbide skritt å rive av hannens hovud og ete det.

Og dette gjer ho mens resten av hannens kropp framleis heng saman med henne og held fram med paringa. Dette er mogleg fordi hannens rørsler blir kontrollert av nervar som er lokalisert i bakkroppen, og ikkje i hovudet.

– Kan ha fordel av å la seg ete

Trond Amundsen

Trond Amundsen er professor i biologi ved NTNU.

Foto: NTNU

..birds do it, bees do it, even educated fleas do it”, heiter det i Cole Porter-songen. Om fenomenet med kannibalisme hos dyr ikkje er fullt så utbreitt, er det i alle fall ikkje berre kneleren som gjer det.

– Dette skjer hos ein rekke artar. Det mest kjende eksempelet er frå knelarane, men kanskje mest studerte er edderkoppar, der det skjer hos ein drøss med artar, seier professor i biologi Trond Amundsen ved NTNU til NRK.no.

Han ramsar opp dyregrupper der seksuell kannibalisme er registrert:

  • edderkoppar,
  • skorpionar,
  • ei rekke krepsdyr som tangloppe, isopodar (i slekt med skrukketroll), og i alle fall ein krabbeart
  • hoppekreps
  • blekkspruten Octopus cyanea

– Kvifor seksuell kannibalisme oppstår har ikkje biologien det endelege svaret på. Og svaret kan også vere ulikt for ulike artar, fortel Amundsen.

– Men sett frå hoas side er det jo ingen grunn til å ikkje ete hannen viss han likevel ikkje hjelper til med ungane. Slik sett er det kanskje meir rart at det ikkje skjer hos fleire artar, seier Amundsen.

Svart enke

Utbreitt seksuell kannibalisme hos arten har gitt namn til edderkoppen Svart enke.

Foto: Pollinator, CC

– Sjølvkastrering

Hos dei fleste edderkoppartar som har seksuell kannibalisme er hoa ofte mange gonger så stor som hannen, kanskje ti gonger eller meir.

– Viss ho får tak i han, har han ikkje noko han skulle ha sagt, seier Amundsen.

Men mykje tyder på at hannen også meir eller mindre aktivt kan ofre seg for eit større mål.

Hos nokre artar edderkoppar verker det som om hannen tilbyr seg sjølv som bytte ved å plassere kroppen framfor hoas munndelar under paringa, ifølgje Amundsen.

Nyare funn tyder også på at nokre edderkoppartar kastrerer seg sjølv under paringa. Tidlegare i år rapporterte forskarar om ein edderkoppart som ser ut til å aktivt brekke av "penis" under paringa.

Saman tyder dette ifølgje Amundsen på at det nokre gonger kan løne seg evolusjonært for hannar å la seg bli ete, viss effekten er at dei befruktar meir, og kanskje alle, av edderkopphoas egg.

Bieffekt av aggresjon

Seksuell kannibalisme kan også vere ein bieffekt av aggresjon hos ein art.

Sjølv ein liten og unnseleg hann kan få opp garden hos ei hoe som er programmert til å forsvare seg og sitt.

– Det eine stengjer ikkje for det andre, dette er jo rovdyr, seier Trond Amundsen.