Hopp til innhold

Underhaldning på mobilen viktigare enn ringing

Nordmenn med smarttelefon bruker mobilen aller mest til underhaldning. Ringing er det vi bruker mobilen minst til, viser ei ny undersøking blant smarttelefonbrukarar.

Mobilbruk

Halvparten av dei med smarttelefon nyttar mobilen mest til underhaldning, viser ei ny undersøking.

Foto: Colourbox

I ei ny undersøking frå NetCom kjem det fram at halvparten av norske smarttelefonbrukarar nyttar mest tid på underhaldningstenester som musikk, film og Facebook når dei nyttar mobilen sin.

Om lag ein av tre (27 prosent) seier at dei nyttar mobilen mest til nyttige tenester som å sjekke rutetid og e-post.

Ringing og teksting har blitt mindre viktig for smarttelefonbrukarar.

Radikal endring

I undersøkinga ”Livet på nett” frå NetCom viste det seg at ringing og teksting var nedst på lista over kva smarttelefonbrukarane nyttar mobilen til.

2528 smarttelefonbrukarar deltok i undersøkinga gjennom NetCom Trends, som er ein spesialutvikla app for smarttelefonar.

Berre circa ein av fem (23 prosent) smarttelefonbrukarar seier at dei nyttar telefonen mest til å ringe og sende tekstmeldingar.

Likevel betyr ikkje dette at vi ringer mindre enn før, meiner kommunikasjonssjef i NetCom, Øyvind Vederhus.

Ifølgje Vederhus er forklaringa heller at den totale mobilbruken har auka som følgje av smarteksplosjonen dei siste par åra.

– Medan telefonen tidlegare låg i dvale mellom samtalane, brukar vi i dag pausane til å sende e-post, spele Angry birds, oppdatere sosiale medium og tilfredsstille nyheitsbehovet vårt. Dette er ei radikal endring, som blir forsterka i takt med auken i smartbrukarar, seier Vederhus i ei pressemelding.

Per Arild Meling i Telenor stadfester trenden med aukande nettbruk for kundar i Telenor.

– Vi ser at datatrafikken aukar gradvis frå år til år, og vi har også ei auke i taletid, seier Meling.

Amerikanarane ringer mindre

Ei ny amerikansk undersøking frå J.D. Power viser at amerikanske mobilbrukarar nyttar mobilen stadig mindre til å ringe med.

Samtaletida for amerikanske mobilbrukarar gjekk ned med heile 77 minutt i månaden frå 2009 til 2011.

Den siste ekomrapporten frå Post og teletilsynet frå mai i år viste derimot at talet på samtaler frå mobil i 2010 auka med 262 millionar samtalar frå året før.

Kvar norske mobilkunde snakkar i gjennomsnitt 3 timar i månaden i 2010.

Større krav til mobilnett

Vår mobilbruk stiller store krav til mobilnettet viser undersøkinga frå NetCom. Vi vil surfe på nett eller lese e-posten vår mens vi er på farten. Halvparten av deltakarane i undersøkinga svarte at behovet for nedlasting var størst når vi er på farten.

Ein av tre seier også at dei har behov for raskare nett for å sjå levande bilete, for eksempel på bussen.

Dette er ei utfordring for mobilnettet:

– Dagens mobilvanar stiller heilt nye krav til mobilnettet. For at vi skal kunne møte nordmenns nye vanar, må mobilnettet vere raskt nok, seier Vederhus.