NRK Meny
Normal

Raudhåra hardhausar?

Raudt hår og fregner har ikkje alltid vore den mest populære kombinasjonen, men kanskje er det nettopp dei raudhåra som toler ein ekstra støyt?

Urmann med rødt hår
Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

Forskarar ved MacGills University i Montreal, Canada oppdaga heilt tilfeldig gjennom museforsøk - at berarar av MC1R genet hadde høgre toleranse for smerte. MC1R genet kodar ofte for raudt hår og lys hud hos oss menneske.

Gruppe mennesker med rødt hår

Toler raudhåra merir smerte?

Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

Sjå meir om raudt hår og smerte her .

«Vi brukte meir eller mindre tillfeldig mus med ulik farge, og oppdaga at desse oransj-pelsa musene tolte meir i testane. Forsøk med menneske i andre forskargruppe førte til liknande resultat, » forklarar professor Jeffrey Mogil ved MacGills.

Må skilje ulike typar smerte

Likevel er det viktig å skilje mellom ulike typar smerte.

«Dei raudhåra toler kanskje ein type smerte særskilt godt, men scorar kanskje ikkje så bra i andre typar smertetestar. Dette veit vi førebels lite om, resultata er noko motstridane. Men det vi veit ganske sikkert - er at dette genet; MC1R spelar ei rolle i smerteopplevinga,» seier professor Audun Stubhaug ved Rikshospitalet.
Han kjenner godt til arbeidet til Jeffrey Mogil og håper å få langt fleire svar når resultata av det som vert kalla Tromsøundersøkinga tek til å verte klare til våren.

Smertetestar tromsøværingar

Ti tusen tromsøværingar har vore med på ulike smertetestar og har svart på spørsmål om korleis smerte påvirkar livet deira. Undersøkinga vert den største i sitt slag – og dermed verdast største smerteundersøking.

«Fordi vi veit at dette med hårfarge kan spele inn - har vi og bedt folk om å krysse av for kva naturleg hårfarge dei er fødde med. Folk forandrar hårfarge heile tida i desse dagar, så det er sjølvsagt den naturlege vi er på jakt etter», smiler Stubhaug.


Han håper å få Mogil til Noreg i løpet av våren når dei første resultata er klare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Dæhlie testes av Audun Stubhaug

Bjørn Dæhlie let seg smerteteste av Audun Stubhaug.

Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

«Det er viktig å understreke at dette med raudt hår berre er eitt av fleire hundre gen, ja kanskje fleire tusen - som påvirkar opplevinga vår av smerte. Vi har lett for å fokusere på dei synlege genetiske skilnadene – som hår, kjønn, farge, men vi er berre i startfasen av denne e forskinga – og vi håper at Tromsøundersøkinga kan gi nokre fleire svar på kva gen som faktisk spelar ei rolle i opplevinga vår av smerte, »seier Audun Stubhaug.

Han tek og utfordringa frå Schrödingers katt og smertetestar ein kjent raudhåra hardhaus: Tidenes beste langrennsløpar, Bjørn Dæhlie.