Hopp til innhold

.lol og .sucks kan verte nye domene

Snart kan du fortelje verda at du er misnøgd med noko gjennom domenenamnet «.sucks». Det er nemleg eit av forslaga til nye adresser på verdsveven.

Ordsky av noen av de nesten 2000 forslagene til nye domenenavn.

Ordsky av nokon av dei nesten 2000 forslaga til nye domenenamn.

Talet på nettadresser har eksplodert, og du skal leite lenge før du finn eit «.com»-domene som er ledig.

Adressemoglegheitene skal no utvidast og 1.930 forslag til nye toppnivådomene-namn har kome inn til ICANN.

Iternet Corporation for Assigned Names and Numbers (ICANN) har ansvaret for å administrere global tildeling av DNS-namn og internett-adresser.

Ingen av domena er tilgjengelege enno, men det er fyrste gong søknadene blir lagt fram offentleg, skriv wired.com.

Google med i racet

For fyrste gong har ICANN teke imot forslag frå «alle».

Det vil seie alle som har råd til dei 185.000 amerikanske dollarane, eller litt over 1.1 millionar norske kroner, det kostar å i det heile tatt levere ein søknad.

Truleg må prisen vere så høg for å hindre at kven som helst sender inn hundrevis av søknader.

Google er ein av dei mest ivrige domenenamnsøkjarane med 101 forslag, noko som har kosta selskapet meir enn hundre millionar kroner. Donuts Inc toppar statistikken med meir enn 300 søknader.

Dei mest populære namna var «.app», med 13 søkarar, og «.inc» og «.home» med 11 interesserte.

Elles famnar forslaga om alt frå namn på byar til kommersielle termar som «.fashion» og «.sale».

Slik er gangen i det

For å få sjansen til å selje eit domenenamn må søkjarane gjennom ein evalueringsprosess av ICANN.

Konkurrerande søkjarar blir oppfordra til å jobbe saman og verte einige om ein avtale seg imellom. Klarar dei ikkje det går namnet til auksjon.

Så begynner det verkelege «gullrushet», der selskap må prøve å sikre seg namnet sitt før det blir kjøpt av nokon som vil «halde det som gissel».

ICANN har fått kritikk for å ikkje ha iverksett nok tryggingstiltak for å unngå dette.

Amerikanske Association of National Advertisers etterlyser ei liste med «ikkje sel»-namn, som blir reservert for selskap, som vil kjøpe det for å beskytte merkevara si, skriv wired.com.

Før ICANN deler ut domenenamn kan alle i heile verda kommentere søknadene. Ein kan også protestere mot eit forslag ved å sende inn ein klage.

Ny æra

Utvidinga av domenenamn er venta å verte den største i internettets historie, ifølgje ICANN. Men det kjem sannsynlegvis til å ta over eit år før me kan ta i bruk dei nye namna.

– Me står framfor ein ny æra i onlineinnovasjon. Dette betyr nye bedrifter, nye marknadsføringsverkty, nye jobbar og nye moglegheiter for å binde saman samfunn og dele informasjon, seier presidenten i ICANN, Rod Beckstrom.