Hopp til innhold

Pytonhjartet overraskar forskarane

Feittsyrer i blodet får pytonhjartet til å vekse til nær dobbel storleik etter eit stort måltid. – Interessante funn som kan føre fram til framtidig hjartemedisin for menneske, seier norsk forskar.

Pytonslange åt hjort

Pytonslangen i Everglades park i Florida hadde slukt ein heil hjort. Etter slike store måltid kan hjartet til pytonslangar vekse til nær dobbelt storleik.

Foto: Ap

Gigantpyton med hjort i magen

For å kunne fortære store bytte veks hjartet til pytonslangen til nær dobbelt storleik. Slangen som vart fanga i slutten av oktober i Everglades National Park i USA hadde slukt ein hjort på heile 35 kilo.

Foto: Ap

Etter eit stor måltid kan hjartet hos burmesiske pytonslangar vekse til nær dobbel storleik – før det går tilbake til normal storleik igjen.

Fram til no har det vore eit mysterium korleis pytonslangar får dette til.

Ein overraskande studie ved University of Colorado i USA viser at det er store mengder feitt i blodet til pytonslangen som gir denne veksten i hjartemuskelen. Studien er publisert det siste nummeret av i tidsskriftet Science.

Blodet likna på mjølk

Leslie Leinwand og hennar kollegaer ved Biofrontiers Institute ved University of Colorado i Boulder fann at blodet frå pytonslangane som nyleg hadde ete eit stort måltid etter ein fasteperiode, var så metta av feitt at det gjorde blodet heilt ugjennomsiktig.

– Det likna på mjølk, fortel Leslie Leinwand til National Geographics.


Forskarane identifiserte tre feittsyrer som var årsak til veksten av hjartet. Dette var tetradekansyre, palmitinsyre og 9-heksadekensyre.

Trass den store konsentrasjonen av feitt i blodet, ser det likevel ut til at pytonhjartet ikkje akkumulerer feittet.

Forskarane fann høgare nivå av antioksidant-enzymet superoksid dismutase i blodet til pytonslangane, og dei meiner at dette kan vere ein årsak til at pytonslangen er verna mot hjartesjukdom.

Gav hjartevekst også hos mus

Då forskarane injiserte blodplasma frå mette pytonslangar i blodet til fastande pytonslangar såg dei at hjartet til den fastande pytonslangen også vaks.

Hjarteveksten fekk dei også når dei injiserte ei blanding av feittsyrer som tilsvarte samansetninga i blodet.

Mest spektakulært er det kanskje at forskarane også injiserte pytonplasma og feittsyrer i blodet til mus – og fann tilsvarande hjartevekst hos mus også.

Hjarteveksten skjedde på ein slik måte at eksisterande hjarteceller vart større, og ikkje ved at nye celler vart skapt. Dette er ein prosess som kallast hypertrofi. Hos menneske ser ein slik type hjartevekst hos gravide kvinner, og hos menneske som trenar jamleg.

Godt og mindre godt feitt

– Det er to interessante funn i denne artikkelen, nemleg at ei spesiell feittsyresamansetning ser ut til å vere spesielt gunstig for å gi ekstra yting, og også at slangen synest å ha utvikla eit vern mot det feittet som teoretisk kunne vore ugunstig for den, seier professor Jan Erik Nordrehaug ved hjarteavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus.

– Slangen gir dermed ytterlegare haldepunkt for at det finst godt og mindre godt feitt, seier Nordrehaug.

– Begge punkta vil vere av interesse å studere vidare også i menneske, meiner Nordrehaug.

Framtidig hjartemedisin

Michael Phelps

Hjartet til toppidrettsutøvarar som symjaren Michael Phelps blir større ved trening.

Foto: Michael Sohn / AP

– Dette er interessante observasjonar. Det ser ut som om kombinasjonen av desse tre feittsyrene slår på eit genprogram som stimulerer genar som tillet hjartecellene å vekse, seier professor Ulrik Wisløff ved NTNU til NRK.no.

Sjølv om det ligg langt fram i tid å forklare resultata, trur Wisløff at forsking på pytonhjartet kanskje kan leie til utvikling av framtidige hjartemedisinar.

Så kan ein jo spekulere i om menneskehjartet ville vekse på tilsvarande måte ved injeksjon av pytonplasma.

– Veltrente atletar som den olympiske symjaren Michael Phelps og syklisten Lance Armstrong har store hjarter, men det er mange menneske som ikkje kan trene på grunn av hjartesjukdom. Det ville vere fint om vi kunne utvikle ei behandling for å stimulere vekst av hjartecellene for denne gruppa menneske, seier Leslie Leinwand i ei pressemelding frå University of Colorado.

Kanskje vil enkelte idrettsutøvarar også komme til at feittrikt pytonblod kan vere ein lettvint måte å auke hjartestorleiken på.

Wisløff vil uansett sterkt åtvare mot å prøve dette som dopingmiddel:

– Det vil vere risikabelt å prøve dette som dop, det vil kunne føre til fatale konsekvensar, seier Wisløff.